Tusen takk for alle bidrag!
- Eg er både rørt, stolt og takknemleg over resultatet i TV-aksjonen. Tusen takk! seier Arve Sandal i Sogn og Fjordane Røde Kors.
Sogn og Fjordane er fylket med høgast innsamla resultat per innbyggar, med over 52 kroner per innbyggar.
- Det store engasjementet med arrangement, stands og ikkje minst nok bøsseberarar til alle hus forløyste gjevargleda i fylket. Eg vil takke kvar og ein for bidraget de har gitt til menneske fanga av krig og konflikt, seier Sandal, som er Røde Kors sin representant i Fylkesaksjonskomiteen til TV-aksjonen.
Røde Kors har lokalforeiningar i alle kommunar så nær som Solund, der vi driv lokalt humanitært arbeid.
- Innsamlingsresultatet syner at folk anerkjenner vårt arbeid, også utanfor landegrensene, seier Sandal.
Han er imponert over at fjordfolket klarte å samle 30 kroner per innbyggar i bøssene åleine, noko som er fem kroner meir enn fylke nummer to, Aust-Agder.
- Dessutan vil eg trekke fram resultata i Aurland og Solund, som har samla inn 117 og 108 kroner per innbyggar. Det er også gledeleg at kommunar som Førde rapporterer om at det møtte opp fleire bøssebærarar enn dei hadde bøsser og roder. Det syner at mange har engasjert seg for årets TV-aksjon og krigens offer. Tusen takk, avsluttar han.
Til saman samla TV-aksjonen 220 millionar kroner til Røde Kors sitt arbeid for sivile offer for krig og konflikt.
– Heilt overveldande, seier Sven Mollekleiv, president i Røde Kors.
Heile Norge opna lommebøker og hjarter for TV-aksjonen.
- Dette er heilt fantastisk. Tusen takk til alle som har bidratt! Det kjem til å gjere ein forskjel og saman får vi hjelpa heilt fram. Alt engasjementet vi har sett i det siste er overveldande. Eg er rørt, takknemleg og audmjuk på vegne av heile Røde Kors. To millioner mennesker vil nå få livsviktig hjelp, sier Sven Mollekleiv.
100 000 bøssebærere gjekk årets viktigste søndagstur og banka på dører i heile landet. Også Kronprinsesse Mette-Marit, Kronprins Haakon og Prinsesse Ingrid Alexandra var med på den store dugnaden og gjekk med bøsse.
Skulane i landet har samlet inn 5, 8 millionar kroner. Det er 1,8 millioner kroner meir enn i fjor. P3-aksjonen sette ny rekord med nesten 5,5 millionar kroner.
- Eg er så utruleg glad og rørt over å sjå det fantastiske engasjementet folk viser for å hjelpe medmenneske. I kvar einaste by og bygd har store og små, unge og eldre løfta i flokk og saman vore med på å gje ein livsviktig forskjell for menneske som er råka av krig og konflikt, seier TV-aksjonsleiar Vibecke Østby.
Kongehuset og fylkesmenn, rådmenn og ordførarar, næringsliv, lag og organisasjonar, skular, trussamfunn og menigmann har stått på for å gjere denne store dugnaden mogeleg.
Årets TV-aksjonsmidlar skal gje livsviktig hjelp som mat, reint vatn og helsehjelp til sivilbefolkning i ni land som i mange år har lidd under krig og konflikt: Syria, Libanon, Sør Sudan, Afghanistan, Somalia, Myanmar, El Salvador, Guatemala og Honduras. Pengane går også til å hjelpe flyktningar som er busett i Norge.