Vêr-rekordar utfordrar lokal beredskap
2018 var eit år med snørekordar, varmerekordar, skogbrannrekordar og plutselege flaumar i Norge. Vi oppmodar kommunane til å styrke klimatilpassinga, og nytte frivillig sektor i arbeidet.
I ein rapport Norges Røde Kors ga ut 1. mars, som oppsummerar beredskapsåret for 2018, er klimaendringane den raude tråden gjennom året som gjekk. Utviklinga vi og andre lenge har advart mot, er ikkje noko fjernt framtidsscenario. Klimaendringane skjer raskt, dei skjer no, og ekstreme vêrtypar kan ofte råke hardt.
Endra røyndom
Dei to første månadane i fjor, var det nasjonalt ei firedobling av tal skredhendingar der menneske var involvert, samanlikna med året før. Røde Kors bidrog med i overkant av 100 frivillige rundt om i landet, i arbeidet med skogbrannar i 2018. I Skjåk redda mannskap fra Røde Kors innbyggarar som vart råka av flaum i oktober, da bygda brått stod under vatn. I september vart turistar redda ned frå fjellet da ekstremværet "Knud" råka.
I Sogn og Fjordane slapp vi unna dei største vêrskapte hendingane i 2018, men vi har mange døme på øydeleggande og farleg flaum og ekstremvêr dei siste åra. Tendensen er klar.
Må tilpasse oss
Konsekvensene av klimaendringane gjev nye krav til korleis styresmakter, innbyggjarane og den frivillige beredskapen må arbeide med tryggleik og beredskap. Vi oppfordrar særleg kommunane til å tilpasse seg klimaendringane ved mellom anna å bu seg på å handtere alt frå kraftigare nedbør til skogbrann og sterkare vind.
Røde Kors står side om side med styresmaktene i beredskapsarbeidet. Vi må også trappe opp kapasiteten for å kunne takle fleire og meir varierte hendingar. Vi vil oppmode kommunane til å sjå mogelegheita frivillig sektor kan gje i arbeidet med godt budde lokalsamfunn.
Samarbeid før krisa!
Halvparten av kommunane i Sogn og Fjordane som har inngått beredskapsavtale med Røde Kors. Få kommunar involverer frivillig sektor i sine beredskapsøvingar. Når krisa kjem, er det for seint å bli kjent med kvarandre sine eigenskapar og ressursar. Vi vil difor oppmode alle kommunar om å sjå nærare på kva frivilligheita kan stille opp med for å sikre innbyggarane sin tryggleik.