Handlefellesskap mot einsemd
Kvar veke vert rørslehemma Sollaug Hafstad henta av Røde Kors Omsorg i Svelgen-Bremanger for å handle på Spar i Kalvåg.
Livet som dårleg til beins kan by på både praktiske og sosiale utfordringar.
– Det er så vanskeleg å komme seg ut når du går med krykkjer og er avhengig av drosje. Nokon gonger må du vente lenge, andre gonger må du innom butikken i full fart. Ein kan ikkje ta drosje til alt heller, og på bussen kjem eg meg ikkje opp på stigebrettet, seier Sollaug Hafstad.
Kvar tysdag ringer ho difor Spar-butikken og seier at ho vil handle, og så kontaktar butikken Røde Kors, som kjem og hentar alle som har meldt inn behov. Så har dei eit par timar på seg til å handle og møte andre.
– Det er eit veldig sosialt tiltak. Kjekt å komme seg ut, ta seg ein kaffi og noko attåt. Det er ikkje så lett å ha kontakt med folk i min situasjon, så eg ser verkeleg fram til tysdagane, seier Hafstad, som rosar Røde Kors for tiltaket.
– Dette burde de gjere i andre bygder også, oppmodar ho.
Aktiviteten er kalla Handlefellesskap, og er eit samarbeid mellom Svelgen Bremanger Røde Kors Omsorg og Spar i Kalvåg. Til no har dei fått fem heilt nye omsorgsfrivillige som stiller opp. Spar spanderer kaffi og noko lite å bite i dei to timane tilbodet varer. Når dei ikkje handlar, sit deltakarane rundt eit bord og pratar om laust og fast.
Eg vil bli frivillig i Røde Kors!
– Prosjektet er mellom anna støtta av Gjensidigestiftelsen gjennom "Sosial Arena", med merksemd mot einsemd, seier leiar i Svelgen-Bremanger Røde Kors, Jan Børge Monsen.
Han seier at aktiviteten er svært populær og at pårørande ringer og takkar. Både det og oppmøtet tyder på at det er behov for eit slikt tilbod.