Søker etter mann 8,5 år etter forsvinning
Røde Kors Hjelpekorps i Stryn, Olden og Vikane tek opp at søk etter ein mann i 20-åra, nesten ni år etter at han forsvann i Erdalen i Oppstryn.
8. mai er over 30 hjelpekorpsarar frå bygdene i Stryn samla for å gjere enno eit forsøk på å finne ein mann som forsvann i Erdalen i Oppstryn i desember 2012.
– I etterkant av dei søka vi gjorde då han forsvann, og nye søk våren 2013, ser vi at det er område vi har lyst til å søke igjennom ein gong til. Håpet er å få ei avslutting på saka, seier aksjonsleiar Arne Reme, som er leiar i Stryn Røde Kors Hjelpekorps.
Søket er eit samarbeid mellom politiet og Røde Kors, i samråd med familien.
– Vi leita grundig etter den sakna den gong, men lovde oss sjølv at vi ikkje skulle gje oss med den leitinga som var. Difor er det kjekt å sjå at vi er i gong igjen. Det er håp om å gjere funn, seier Vidar Stavik ved Politiet i Stryn, under si orientering til mannskapa.
Søkte i 2012 og 2013
Då mannen forsvann i 2012, var store leitemannskap involvert i fleire dagar i søk. Det vart brukt helikopter, varmesøkande kamera, lyttepostar, hundar, men utan resultat. Det var ned mot 15 kuldegrader i perioden forsvinninga skjedde. Leiteaksjonen vart avslutta av politiet etter ei lita veke.
Våren 2013 samla Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps mange frivillige og gjennomførte eit nytt søk i dalen, også den gongen utan resultat.
Mannskapa i Røde Kors Hjelpekorps er frivillige som har gått igjennom opplæring og er sertifisert til å søke. Les meir om Røde Kors Hjelpekorps i Sogn og Fjordane og vår aktivitet her.