Mann mottek glassplakett av kvinne kledd i rødt.

Åge Wiberg Bøyum mottok plakett for fortenestefullt arbeid

Under Sogn og Fjordane Røde Kors sitt årsmøte vart Åge W. Bøyum tildelt Noreg Røde Kors sin plakett for mangeårig engasjement og innsats i Røde Kors både lokalt og internasjonale operasjonar.

Åge Wiberg Bøyum kom omlag direkte frå Ukraina til Sogn og Fjordane Røde Kors sitt distriktsårsmøte for å fortelje om sitt og Røde Kors sitt arbeid nær frontlinja aust i Ukraina. Etter foredraget vart Åge overraska med heider og ståande applaus.

- Det er vel ikkje å overdrive at du har hatt ei rolle i dei fleste store operasjonane der Noregs Røde Kors har vore engasjert internasjonalt dei siste snart tjue åra. Det er ikkje alle som kan, vil eller klarer dette. Du har stilt deg til rådvelde og har bidrege på denne måten over mange år. Du har slik tatt ansvar for å hjelpe dei som treng det aller mest, når dei mest truleg er på sitt mest sårbare og treng hjelp, det ynskjer vi å heidre deg for, sa distriktsrådsleiar Synøve Sande, då ho delte ut plaketten.

Mann held Røde Kors plakett
Det var ein overraska Åge som mottok Røde Kors sin plakett tre dagar etter han kom heim frå oppdrag i Ukraina.

Viktig og meiningsfullt arbeid

Lista over operasjonar Åge har vore med på er lang. Det første oppdraget Åge vart sendt ut på med Røde Kors var etter jordskjelvet Bam i Iran i 2004, og året etter var han på to store oppdrag der eit av dei var på Sumatra etter tsunamien. Dette oppdraget har gjort spesielt stort inntrykk på Åge.

- Livet vart aldri det same etterpå. Eg innsåg at det er ikkje nok med to-tre oppdrag for meg, eg kjente at dette er noko som eg vil fortsetje med så lenge eg klarer å ha eit yrkesaktivt liv, fortel Åge.

Øydeleggingane var enorme og inntrykka var sterke. Det var ei katastrofe som ramma internasjonalt og behovet for hjelp var svært stort. I det alt kjennast meiningslaust kan Åge og dei andre utsendte likevel finne ei form for meining. Nettopp fordi den jobben dei gjer er viktig og den hjelp.  

- Eg brukar å sei at av og til får man ei oppleving av intens mening. Det er ikkje det at ein kjenner seg enormt viktig, ein kjenner berre at ein er på riktig plass, fortel Åge.

Det er ikkje tilfeldig at det er Røde Kors Åge har valt å jobbe for.

- Røde Kors har eit humanitært perspektiv som er nøytralt og har fokus på dei mest sårbare, det er viktig, fortel Åge.

Fokus på det ein kan gjer

I etterkant har Åge vore sendt ut til omlag alle verdshjørne og former for kriser. Til Nepal etter jordskjelv, to gongar til Bangladesh, to gongar til Pakistan, til Chile, til Sør-Sudan, til Al Hol-leiren i Syria, til Sierra Leone i samband med Ebola-utbrotet, til Hellas i samband med flyktningstraumen og no sist til Ukraina.

- Vi er der og gjer den jobben vi klarer. Og så veit vi at der ikkje er alt vi klarer eller alle vi når fram til, og nokon gongar vert det forjævlige inntrykk av naud. Men sjølv når det ikkje går så bra, så går det alltid ein dag eller to, og så ser vi at det hjelp det vi held på med, og då fortset vi, fortel Åge.

Åge er sjukepleiar og til vanleg arbeidar han som helsekoordinator i Lærdal kommune. Jobben han gjer på oppdrag for Røde Kors er oftast knytt til helsehjelp eller koordinering og leiing av helsehjelp. I eit hav av inntrykk, arbeidsoppgåver og udekka behov er det viktig å halde fokus.

- I katastrofesamanheng er det ofte ein fellesnemnar, vi må fokusere på det vi kan gjere noko med. Det er ofte overveldande inntrykk og det er mykje ein ikkje kan gjere noko med. Då fokuserer vi på det vi kan gjere noko med, seier Åge.

Både før og etter oppdraga er Åge igjennom debriefing på alle nivå, både teknisk taktisk og emosjonelt. Oftast vert ikkje oppdraget slik som ein har sett for seg.

- Då er det viktig med god lagkjensle og det har ein som regel. Ein opplev eit veldig sterkt kameratskap og samhald. Det er viktig, då kan ein prosessere litt undervegs, fortel Åge.

Mann løfter kasse ut av bil med rødt kors
Åge Bøyum har det siste halvåret jobba for den internasjonale Røde Kors-komiteen (ICRC) aust i Ukraina. Der har han hatt ansvar for å transportere medisinsk utstyr til sjukehus nær frontlinja. Foto: Røde Kors

Bakgrunn som lokallagsleiar

Med seg i bagasjen har Åge fleire år som lokallagsleiar i Lærdal Røde Kors. Kunnskapen og erfaringane derfrå har han med seg på kvart oppdrag.

- Når vi kjem ut så er det eit lokallag på bakken som vi kan støtte og som støttar oss. Det er kjempeviktig og ein del av suksessoppskrifta til Røde Kors. Mange organisasjonar kan sei at dei er først på bana, men det er alltid dei lokale som er først. Det er dei som gjer jobben, seier Åge.

Åge veit korleis det er å vere den lokale ressursen og kor viktig det er å ha lokalt Røde Kors i alle slags utfordringar og kriser.  

- Lokalt Røde Kors tek dei tyngste løfta i Ukraina, også i dei farlegaste områda. Når det er nedslag, og det er nesten kvar einaste dag i ein eller anna by, då er det mellom anna lokalt Røde Kors som er der jobbar, spesielt med førstehjelp, fortel Åge.

6 månadar i Ukraina

I Ukraina har Åge har jobba for den Internasjonale Røde Kors-komitéen. Oppdraget har mellom vore å få ut medisinar og forsyningar til sjukehus nær frontlinja.

- Vi har ikkje jobba direkte med pasientar for det viste seg at det ikkje var det som var viktigast for dei. Ukrainsk helsepersonell har ikkje flykta i veldig stor grad og dei har eit helsevesen som fungerer, fortel Åge.

Åge har sett korleis krigen rammar og under foredraget han haldt på Fretheim Hotell under årsmøtet til Røde Kors Sogn og Fjordane fortalte han sterke historier. Flyalarmar dag og natt er ein del av kvardagen i Dnipro, der Åge har budd under opphaldet. Åge sitt inntrykk av krigen stemmer med der inntrykket vi sit med her heime.

- Det er ein stor og heilt uoversiktleg situasjon humanitært. Det er ein svær krig som mange opplev som fullstendig meiningslaus, og krigen fører til sivile offer på begge sider. Det er ei lang frontlinje, mange byar har blitt ramma, og heile landet er ramma i periodar, fortel Åge.

Og på spørsmålet om han har han har kjent seg utrygg eller redd, svarar Åge.

- Det er jo ikkje hyggeleg når det smell, ingen likar jo det. Men vi hadde gode varslingsrutinar og tilgang til bomberom, så du kjente deg nokolunde trygg, fortel Åge.

Når Åge er utplassert i områder ramma av katastrofe eller krig, så sit det nokon att heime som naturleg nok er bekymra.

- Den her gangen her, så var det ekstra spesielt for ho heime, for det var veldig mykje. Nyheitene kjem jo veldig fort ut frå Ukraina, så då måtte eg vere tidleg ute og sende melding om at det sto bra til, fortel Åge.

Den tøffe tida etterpå

Det er ein ting Åge brukar gjere før han reiser heim frå oppdrag, ein avskjed som hjelp han å avreagere. Han skriv eit dikt som han les opp for sine kollegaer. Diktet han skreiv etter opphaldet i Ukraina har tittelen «It is what it is», det var ein setning Åge sa med jamne mellomrom. Les diktet under.

Det å komme heim frå oppdrag kan vere utfordrande.

- Det er to tunge periodar, den eine er like før ein reiser ut og dei første to-tre dagane ein er der. Og det andre er når man reiser heim igjen, fortel Åge.

Det kan bli veldig stille når Åge kjem heim til trygge Lærdal. Tryggleik og stille er fint, men det kan by på utfordringar, når ein har store inntrykk å prosessere.

Ein kan ikkje rekne med at folk forstår kva Åge har vore igjennom.

- Krigen i Ukraina er framleis i fokus her heime, men sånn er det ikkje alltid. Ein kan nesten rekne med at folk ikkje opptekne av det som har skjedd. Då må ein ha nokon å prate med, og ikkje ha for lange friperiodar og komme seg tilbake i jobb igjen, fortel Åge.

Åge er ikkje sikker på om han reiser ut igjen denne gangen. Det er med tanke på alder, familie og arbeidsgjevar.

- Det er ingenting med det oppdraget her som har gjeve noko form for avskrekking, det er det absolutt ikkje. Eg har ikkje skreve det heilt frå meg, det har eg ikkje gjort, fortel Åge.

Om Åge avsluttar sitt internasjonale engasjement, så vil han fortsetje å vere knytt til Røde Kors.

- Det er ein heilt riktig organisasjon for meg å vere i, eg kjem til å fortsetje å vere med lokalt på ein eller anna måte, det er helt klart, avsluttar Åge.

It is what it is

Дороri Друэі (kjære venner)

Let there be a nigth without sirens cry
Let be the stars alone shining in the sky
But it is what it is

Let the white swans of Dnepr greeting the spring
Let ther be sounds and news of joy they bring
But it is what it is

Let there be catch for the at fishermen at the shore
Let there be fun for children asking for icecream or more
That is what it is

Let longer days bring sunshine peace and hope
Let us hope that in the east they also will cope
That  it is what it is

Let there be peace coming summer or fall
Let it be for yong and old and for all in all
That is what it is

Let the shelters and bunkers be empty where nobody sits
Let there be no more  needs  for weapon woundeds kits
But it is what it is

                                                                         -Ore БeЙoH / Åge W. Bøyum