Kvinne med sjekk på 5000 kr og ein bukett blomar

Bjørg Eikum Tang mottok Bry deg-prisen

Gjennom sine haldningar og handlingar gjennom mange år, har Bjørg Eikum Tang verkeleg synt at ho bryr seg. For det mottok ho "Bry deg prisen" for 2022.

"Bry deg-prisen" skal vere ei påskjønning til ein person som har utmerka seg gjennom si framferd, sine idéar og/eller ved handling på ein måte som fell innanfor Røde Kors sine grunnidéar og prinsipp.

Det var ei overraska Bjørg som mottok pris under distriktsrårmøtet til Sogn og Fjordane Røde Kors på Fretheim Hotell i Flåm.

Kvinne med auga lukka
I denne augneblinken innser Bjørg at det er ho som er mottakar av prisen.

- Det er ei stor ære og eg er veldig takknemmeleg. Det er sjølvsagt veldig mange andre som hadde fortjent dette minst like mykje. Men tusen hjarteleg takk, eg skal finne ut kven som skal få pengane, men det kan hende det blir Røde Kors, sa Bjørg etter å ha motteke prisen.

Bjørg Eikum Tang har vore tett knytt til Røde Kors og vore engasjert i aktivitet og prosessar som engasjert frivillig, støttespelar og tillitsvald, både lokalt og på distriktsnivå gjennom fleire ti-år. Bjørg er i dag leiar for Sogndal Røde Kors Omsorg. 

Kvinne med blomar snakkar i mikrofon i pent lokale
Bjørg takka ydmyk for prisen under festmiddagen på distriktsårsmøtet på Fretheim hotell i Flåm.

Bjørg gjer verkeleg mykje for andre. Ho sørger kvar veke for at meir enn 50 frivillige i Sogndal Røde Kors Omsorg held i gong ei rekke aktivitetar for eldre og for sårbare og einsame.

Sogndal Røde Kors Omsorg arrangerar mellom anna eldrekafé, bingo, integreringstiltak som strikkekafé, teiknekveldar og symjeopplæring, Fjøratreff, trimgruppe, sanggruppe, sykkelturar for eldre, jule- og sommartilstelningar og ikkje minst julegleder til barn og juleblomar til eldre. Med eit mangfald av aktivitetar treff Sogndal Røde Kors Omsorg ulike behov, og på den måten bidreg dei til å gjere kvardagen betre for ulike grupper menneske med ulike behov.

- Det er viktig at vi ikkje berre tenker på kva vi skal gjere for oss sjølv, men at vi også kan gjere noko for andre. Det er meiningsfullt å føle at ein er til nytte, sa Bjørg Eikum Tang, då ho vart intervjua som Vekas frivillig i Sogn og Fjordane Røde Kors tidlegare i år.

Bry deg-prisen

Bry deg prisen 2022 går til Bjørg Eikum Tang.

Bry deg prisen vert delt ut av Sogn og Fjordane Røde Kors som ei påskjønning til ein person som har utmerka seg på ein måte som fell innanfor Røde Kors sine grunnidéar og prinsipp.

Prisen er ein messing-lysestake med inskripsjon og ein sjekk på 5 000 kroner. Pengane skal nyttast til eit veldedig føremål. 

 

Juryen si grunngjeving: 

Bry deg prisen – er òg kalla for kåringa av Årets Røde Kors venn. Prisen er stifta av Sogn og Fjordane Røde Kors og vart vedteken av distriktsstyret 23. oktober 1998. Prisen skal vere ei påskjønning til ein person som har utmerka seg (gjennom si framferd, sine idear og/eller ved handling) på ein måte som fell innanfor Røde Kors sine grunnidear og prinsipp.

Prisen skal delast ut ein gong pr år, fortrinnsvis på distriktet sitt årsmøte. Alle ledd i Sogn og Fjordane Røde Kors kan kome med framlegg på kandidatar. Prisen består av ein messing-lysestake med inskripsjon og ein sjekk på 5 000 kroner. Pengane skal prisvinnaren nytte til eit veldedig føremål. Når vi går attende kan vi sjå at det er solide Røde Kors-folk som har fått Bry deg prisen. 

Mange i leiarverv i Røde Kors har sikkert gått inn i rolla med ynskje om å få til endring til det noko betre eller annleis enn før – litt utvikling, og engasjert seg i ein periode for det. Nokon gjev opp, og andre tek nye tak, og prøver nok ein gong.

Det er ulike årsaker til at nokon har verv, går ut av verv, og så kjem att etter nokre år. Det kan vere jobb, familie, andre interesser, eller at ein vil sleppe andre frivillige til.

Den som får Bry deg-prisen for 2022, har vore aktiv gjennom fleire ti-år, er enno aktiv, og har tillitsverv lokalt. Tidlegare har vedkomande hatt fleire tillitsverv på distriktsnivå.

Det at erfarne frivillige, som har hatt tillitsverv tidlegare, kjem attende i verv og tek ansvar for god organisasjonsdrift, er viktig. På den måten bidreg ein til å legge til rette for at andre frivillige kan bruke sine evner og si tid på humanitær aktivitet. Og vert ting gjort rett, kan ein ofte fungere som eit føredøme for andre – å vise korleis ting kan gjerast.

Den som blir tildelt Bry deg prisen for 2022 har vore tett knytt til Røde Kors og vore engasjert i aktivitet og prosessar, som engasjert frivillig, støttespelar og tillitsvald, både lokalt og på distriktsnivå.

I siste halvdel av 1990-talet var vedkomande medlem og  nestleiar i distriktsstyret. I 1999 var fekk dåverande distriktsråd for besøkstenesta dra nytte av kompetansen, då òg som medlem og så nestleiar i ein femårsperiode.

Sidan har du engasjert deg i fleire aktivitetar lokalt, saman med mange driftige frivillige i ei særs aktiv omsorgsgruppe. Dei siste åra har du vore medlem av lokalstyret og leiar av lokalråd omsorg.

Gjennom dine haldningar og handlingar gjennom mange år, har du verkeleg vist at du bryr deg.