Henry-dukka sit på fanget til ein mann i  Røde Kors-jakke, kvinne syner plakat der Henry ligg på bakken. Vis bildetekst
Anna Engeset Ertresvåg og Marco Hollund er to av sjukepleiestudentane som reiser rundt med Henry. Her hos 3A på Førde Barneskule.

Henry lærer 2000 barn førstehjelp

I desse dagar får nærmare 2000 barn i vårt distrikt besøk av Henry i sine klassar eller barnehagar. Henry og sjukepleiestudentar frå HVL turnerar rundt for å lære barn om førstehjelp.

Ei gruppe barn sit i ein halvsirkel på gulvet med andleta vendt mot Henry som sit på fanget til Marco og Anna som sit ved sidan av og syner fram ein plakat. På plakaten er ein illustrasjon av Henry som har ramla på sykkel og slått seg. Anna spør ungane kva dei ser og ungane svarar.

Vidare spør Anna:

- Kva skal ein gjere viss ein ser nokon som har skada seg ute?

Eit barn svarar kontant:

- Hjelpe!

Anna lurer på korleis ein kan hjelpe og saman kjem dei fram til at ein kan spørje kva som har skjedd og kanskje trøste litt. Anna legg til at det kan vere lurt å hente ein vaksen. Men viss ein ikkje ser ein vaksen, kva skal ein gjere då?

Det er heilt stille, ingen svarar... Anna foreslår at ein kan rope på hjelp.

- Skal vi prøve på det? Å rope på hjelp?

Høgt og tydeleg ropar barna: Hjeeeelp!

Barn sit på golvet og ser mot Henry, som har ein liten sekk på ryggen
Henry er ofte uheldig og difor har han alltid med seg ein liten sekk med litt førstehjelpsutstyr. Marco syner klasse 3A på Førde Barneskule sekken og Henry sine heilt eigne plaster.

Sjølv små barn kan redde liv

Henry-turnéen - Førstehjelp for barn er eit pedagogisk læringsopplegg for barn i barnehage og småskulen (1.-3. kl.) Læringsopplegget og dukka Henry har som mål å bidra til å auke barn sin kjennskap til og interesse for førstehjelp. Vi ynskjer at barn skal vere forberedt på ein situasjon ved at vi skapar ein trygg og kontrollert plass å lære førstehjelp.

Idéen om at dei yngste barna kan ta ansvar, syne omsorg og hente hjelp er ein viktig del av Henry-opplegget. Det skal kjennast trygt å hjelpe andre. Gjennom dukka Henry og dei 10 uhella han utsetjast for, lærer barn korleis dei kan hjelpe gjennom 3 enkle steg; Spørje kva som har skjedd, hente ein vaksen eller ringe 1-1-3 og å hjelpe, helst saman med ein vaksen.

Praksis i Røde Kors

Henry-turnéen er eit samarbeid mellom Røde Kors Sogn og Fjordane og Høgskulen på Vestlandet. Anna Engeset Ertresvåg og Marco Hollund er sjukepleiestudentar og har praksis i Røde Kors i fem veker. Praksisen skal dekke fagområdet Folkehelse og helsefremming. Eit av måla er å bli betre kjent med Røde Kors og med førstehjelp.

- Det har vore nyttig å få meir førstehjelpsundervisning og så er det ei nyttig erfaring å skulle lære vekk noko til ungar, det er jo veldig viktig knytt til utdanninga, seier Anna.

Under praksisperioden har dei vore inndelt i mindre grupper og reist rundt til barnehagar og skular i Sogn og Fjordane, frå Vågsøy til Gulen og det meste i mellom.

- Dette er noko heilt anna enn dei tidligare praksisane vi har hatt. Her får vi vere meir kreative og vi må organisere og planlegge dagane vore sjølv, seier Marco.

Studentane byrja praksisen med å ta Startkurset til Røde Kors, dei fekk sjølvsagt førstehjelpsopplæring og dei fekk tid til å bli kjent med Henry og tankane knytt til Henry-opplegget.

Henry sit på fanget til mann i Røde Kors-jakke,
Henry er ganske sjenert, men ved hjelp av ein vaksen klarer han å snakke og forklare. Mange barn lurer på kva favorittfargen til Henry er, og den er sjølvsagt raud.

Ulike scenario

Denne dagen er Anna og Marco hos 3A på Førde Barneskule og saman med Henry er dei godt i gang med undervisninga. Studentane har fått erfare at det er stor skilnad på å undervise 1. klassingar og 3. klassingar. Dei mindre barna er meir opptekne av Henry og klarer i større grad å leve seg inn i uhella han vert utsett for. 

Etter å ha øvd på å rope om hjelp finn Anna fram ein ny plakat. På plakaten held Henry hendene mot halsen og eit eple som er teke ein bit av ligg ved sidan av.

- Kva har skjedd her?, spør Anna.

Ein av ungane svarar:

- Eg trur han har ete eit eple og satt ein bit fast i halsen.

Anna spør kva ein må gjere då og får til svar at ein må rope på hjelp.

Marco legg Henry på fanget, slår Henry på ryggen og forklarar at det kan hende at det er dette ein vaksen kjem til å gjere dersom nokon har satt noko fast i halsen.

Anna fortset:

- Det er ikkje sikkert at biten kjem ut, og viss ikkje veit dåke kva nummer ein skal ringe då?

Då ropar fleire av barna i kor: 113!

Barn fargelegger Henry
Ved å fargelegge dei ulike plakatane blir ungane betre kjent med Henry og får større kjennskap til dei ulike situasjonane han er utsatt for.

Barn sine eigne erfaringar

Dei større barna har meir kjennskap til førstehjelp, og då kan ein nytte plakatane som syner meir alvorlege situasjonar. Studentane har også erfart at det er naturleg å knytte hendingane til barna sine eigne erfaringar. Mange har slått seg på kneet og fått trøst og plaster.

Nokon av barna har meir alvorlege opplevingar dei vil dele, og då har studentane vore opptekne av å bekrefte og støtte, men å så gå vidare med opplegget utan å gå for djupt inn i det vanskelege og kanskje private.

Studentane har også opplevd at barn har bidrege med eigen kunnskap.  

- Det var nokon som lurte på korleis vi ringte naudnummer på ein låst mobil, og då synte vi det til dei, men det var ein unge som forklarte at du kunne trykke 5 gangar på sida av telefonen, og då kom ein også til naudnummer. Så då lærte vi noko, fortel Anna.

To barn syner fram sine teikningar av Henry
Anna og Julie i 3A syner fram sine Henry-teikningar.

Viktig å be om hjelp

Førstehjelpsundervisninga i 3A nærmar seg slutten og Anna syner ein plakat der Henry ligg på bakken og har besvimt. Vidare demonstrerar Marco korleis ein legg Henry i stabilt sideleie.

- Dette kan vere litt vanskeleg, men det viktigaste du treng å hugse om du ser nokon som ligg på bakken og du ikkje får kontakt med dei, så er det å få tak i ein vaksen. Det er den beste måten å hjelpe på og det er superviktig, seier Anna.

I 2020 vart det gjort ei omfattande evaluering av Henry-opplegget, der nesten 1000 barnehagar i Noreg deltok. Nokon av dei viktigaste funna syner at barna i etterkant av opplæringa vart betre til å kjenne igjen skadesituasjoner og å foreslå behandling. Det kom også fram at fleire barn hadde kjennskap til naudnummeret og i større grad synte omsorg og hjelpevilje.

Anna og Marco avsluttar undervisiningsopplegget i 3A med ein liten førstehjelpsquiz. Ungane svarar ivrig og godt på alle spørsmåla. Studentane tykkjer at det har vore kjekt å sjå kor engasjerte ungane er rundt førstehjelp.

- Eg likar å tru at dei har nytte av det. Noko som eg merka er at alle barna var veldig gira på å rope på hjelp. Om ein skulle velge ut eit punkt som er viktig, så er det å rope på hjelp, seier Marco.

Henry har reist frå aust til vest og frå nord til sør for å lære barn om den første hjelpa alle kan gje ved skade og sjukdom. I videoen under kan du sjå Henry reise så langt vest ein kan komme i Sogn og Fjordane, til Bulandet skule.