Ei gruppe hjelpemannskap jobbar med pasient framfor rød hygge Vis bildetekst
Det var mange oransje vestar å sjå i Lustrafjelli denne helga. Foto: Bjørn Hesjevoll Winge/Luster Røde Kors Hjelpekorps

Kvalifisert til vinterredning

20 deltakarar på kurs i "Kvalifisert søk og redning - vinter" gjer område Indre Sogn betre rusta for framtidige aksjonar i vinterfjellet.

Ein tilsynelatande medvitslaus mann ligg i snøen utanfor ei raud hytte. Ei gruppe på fem kledd i oransje vestar kavar seg gjennom den djupe snøen for å nå fram til den skadde. Vi er i Engjadalen i Luster og det øvast på redning i vinterfjellet.

"Heisann, går det fint med deg?" spør førstemann som kjem bort til den skadde. Pasienten svarar at han frys. Han er medviten, men har skada foten på skitur. Han kom seg fram til hytta, men hadde ikkje nøkkel til å komme seg inn.

For å delta på søk- og redningsoppdrag på vintertid

"Kvalifisert søk og redning (KSOR) - vinter" er ein del av grunnutdanninga for nye hjelpekorpsarar. Etter kurset skal ein ha tileigna seg nødvendige kunnskapar og haldningar som gjer hjelpekorpsarane i stand til å vere mannskap i søk og redning på ein sikker, nøyaktig og effektiv måte. Dette lærer dei ved å øve på ulike scenario.

Gjennom kurset får ein innføring i og får øvd på søkemetodane som Røde Kors Hjelpekorps nyttar vinterstid. Ein skal mellom anna lære rutinar ved funn av sakna og transport av pasient på snødekt mark.

Ei gruppe hjelpekorpsarar under opplæring
Ein av scenarioa som deltakarane øvar på er å hindre nedkjøling av pasient, samt å frakte pasient trygt ned frå fjellet.

Kampen mot nedkjøling

Pasienten ved hytta har endeleg fått hjelp. Kor lenge han har låge der er uvisst, men han er kald og sannsynet for at han er hypoterm eller nedkjølt er stor. Her må ein jobbe for å få opp kroppstemperaturen og få den skadde trygt ned frå fjellet.

Jobben med å redusere pasienten sitt varmetap startar. Eit telt vert lagt over for å verne mot vind og kulde. Under vindteltet vert våte klede bytta om med tørre. Kursdeltakarane jobbar roleg, men effektivt, og fordelar oppgåvene mellom seg. Ein sjekkar om pasienten blør. Ved låg kroppstemperatur vil ikkje blod koagulere og kroppen klarer ikkje stoppe blødinga sjølv, det vert dermed viktig å stoppe eventuelle blødingar. Er det snakk om indre blødingar vert det viktig å få opp kroppstemperaturen.

Mann i veileder-vest syner varmeteppe
Ove Fortun syner fram varmeteppet som Røde Kors nyttar.

God rekruttering

Område Indre Sogn har rekruttert 40 nye til hjelpekorpset sidan i haust. Mange av desse er på "KSOR - vinter" denne helga.

- Det er alltid positivt det her. Kanskje dei i tillegg kan få med seg nye vener, og så ballar det på seg, seier Ove Fortun som er ein av kurshaldarane og leiar i Luster Røde Kors Hjelpekorps.

Ove legg til at det er viktigaste no er å følge opp dei nye og sørge for at dei får ei god utdanning og ein god start. Ove er oppteken av at alle skal bli sett og at dei skal få prøvd seg og få litt ansvar, slik at dei skal kjenne seg trygge.

- Det gjer seg ikkje sjølv, men har ein eit godt opplegg rundt, og rette personar på plass til å følge dei opp, så blir det bra, seier Ove.

Ei gruppe under opplæring følger nøye med
Gruppa med deltakarar frå Sogndal Røde Kors følger nøye med når Ove forklarar. F.v. , Vebjørn Abelsen Vik, Anne Ruud, Sindre Mogen, Mia Førland og Marta Hofslund Engen.

Frå RØFF til Hjelpekorpset

RØFF (Røde Kors førstehjelp og friluftsliv) er ein fin arena for unge å bli kjent med søk- og redningsmetodar. Heile fem av deltakarane på "KSOR - Vinter" denne gangen er frå Lærdal Røde Kors sitt RØFF-lag. To av dei er Mathilde Tenjum og Amalie Lysne Walaker. Dei tykkjer det er det er fint å ta med seg kunnskapen dei har fått ved å vere med i RØFF inn i Hjelpekorpset.

- Ved å ha vore med i RØFF er ein meir forberedt til dømes i forhold til kva vi skal ha med og sånt, seier Amalie.

Det er ikkje første gang Mathilde og Amalie har øvd på søk etter sakna, og det kjennast godt å kunne svare på spørsmål undervegs og å kjenne på meistring. Dei kan absolutt tilrå andre unge som ynskjer å bli med i Hjelpekorpset å starte i RØFF.

- RØFF er veldig lærerikt, ein lære via leik og det er veldig sosialt, seier Mathilde.

Tre unge hjelpekorpsarar under opplæring
Tre av dei fem røffarane frå Lærdal. F.v. Amalie Lysne Walaker, Mathilde Tenjum og Per Rusdal.

Sikkert, nøyaktig og effektivt

Pasienten har fått på seg tørre klede og ei varm hue på hovudet. Deltakarane tek godt tak i kleda for så å løfte pasienten over i pulken, som står like ved. Ein av dei støttar hovudet og sørger for at pasienten har det bra. I pulken er det lagt til rette med underlag, sovepose og ein eigen rednings-bag også kalla hypotermi-bag.

Pasienten vert godt pakka inn og det siste ein legg over pasienten, før ein lukkar bagen er eit kjemisk varmeteppe som tilfører varme. Samstundes som pasienten vert pakka inn er deltakarane medvitne på det heilt basale, som frie luftvegar, medvit og trygge omgjevnadar. Deltakarane jobbar tilsynelatande med kvilepuls, men er likevel effektive. Det å skunde seg sakte er viktig og slik vert det sikkert, nøyaktig og effektivt.

Ei gruppe i oransje vestar jobbar med å pakke inn mann i pulk. Rettleiar følger med.
Mange av dei nye hjelpekorpsarane som er under opplæring har allereie god kunnskap om vinterfjellet, men rutiner for redning kan vere nye. Dette er uansett svært viktig å øve på.

I bakgrunnen kan ein gjentakande gongar høyre rettleiar Ove Fortun seie "godt jobba, godt jobba, godt jobba". Han dobbeltsjekkar jobben deltakarane har gjort med pasienten og nikkar nøgd.

- No er det "avgårde Kåre", seier Ove.

Dagens "pasient" set seg opp i pulken etter at stroppane er løsna og er truleg glad han ikkje skal "avgårde Kåre" og ligge i pulken heile vegen ned frå fjellet. Øvinga stoppar her.

- Dette her må vi berre øve og øve på, avsluttar Ove.

Ansikt stikk ut av bag, hjelpar passar på hovudet.
"Pasient" Vegard Orrestad ligg trygt pakka inn i rednings-bagen.

 

Les meir om Røde Kors Hjelpekorps i Sogn og Fjordane her.