Ei gruppe menneske, både i rødekors-klede og andre klede. Vis bildetekst
Røde Kors på Eid og i Stad og Dei norske sanitetskvinnene i fire ulike lokallag har samarbeida om å pakke matkasser. Frå sanitetskvinnene: F.v. Karen-Helene Håland, Turid Haye, Laila Balsnes, Jorunn Hjelle, Else Karin Lillestøl, Gerd Fløde Bjørlo, Liv Stokkenes Jacobsen. Frå Røde Kors: Unni Kiviranta, Rigmor Klepp, Ole Nordnes, Kari Rygg Fjørstad, Anne-Britt Andersen, Thomas R. Brekke. Anne Grete Torheim frå Frivilligsentralen på Eid.

- Alle klutar må til for å få dette i mål.

Dobling i talet matkasser fører til nye samarbeid i Stad kommune.

- Vi må gå saman, for det kan bli for mykje for ei gruppe. Folk er flinke til å organisere og vi får testa samarbeidet, seier Rigmor Klepp, som er leiar i Røde Kors Omsorg på Eid.

Dei som går saman er frivilligheitssentralane på Eid og i Selje, kommunale tenester i Stad kommune, Norske Sanitetskvinner og Røde Kors. Prosjektet har fått namnet Juleglede.

Rigmor Klepp delar leiarvervet i Røde Kors Omsorg med Kari Rygg Fjørstad. Dei og fleire frivillige frå Omsorg har saman med frivillige frå Hjelpekorpet laga eit samlebandsystem for å pakke matkasser til 174 hustandar. Både Eid Røde Kors og Selje Røde Kors er med på samarbeidet.

Ein mann og ei kvinne i røde kors t-skjorte putter mat i kasser.
Ole Nordnes og Unni Kiviranta samarbeidar godt når matkassene skal pakkast. Ein bere sukker og ein puttar i kasser.

For å effektivisere pakkinga av matkasser er det satt opp eit system der det vert pakka ti og ti kasser. Eit bord syner kva matvarer som skal vere i kvar kasse og ein står ved bordet, roper opp varer og held kontroll.

- Det er kjekt å vere tilstades og å sjå kor godt systemet virkar. Når ein samarbeidar med fleire organisasjonar, så er det det som vil skje i ein større aksjon også, seier Unni Kiviranta frå Eid Røde Kors Hjelpekorps.

Dyrtid gjev auke

Matkassene går til dei som treng det mest i jula. Det er NAV, Opplæring- og integreringstenesta, skulehelsetenesta og kyrkja som melder inn kven som har behov for matkasser til jul. Nokon har også komt innom frivilligsentralen og sjølv spurt om å få hjelp til jul. Astrid Grete Torheim i Frivilligheitssentralen har ikkje oversikt over kven som mottek kasser, men ser kvar det er størst auke.  

- Det er ikkje auke spesifikt fordi vi har fått fleire flyktningar. Den tenesta vi ser har auka mest er skulehelsetenesta. Dei ser alle barna og har fanga opp nokon som har gått under radaren før, seier Astrid Grete Torheim.

Matkassene har ein verdi på 1000 kr og vil vere til god hjelp for dei familiane som mottek. Med matkassene følger eit gåvekort til barna i husstanden. I Stad kommune vert det i år delt ut 309 gåvekort, i fjor vart det delt ut 191.

Stor auke i heile landet

Kvar femte spurte i ei ny undersøking utført av Opinion for Røde Kors, er uroa for om dei har råd til julegåver i år og kvar sjette er usikre om dei har råd til julemat.

Røde Kors planlegg julegåver og juleaktivitetar for 30.000 barn og unge over heile landet. Røde Kors sine juleaktivitetar handlar om å gje barn oppleving av å ha ei heilt vanleg jul. Det kan vere å få ein julepresang, bake peparkaker saman, gå på skitur og ete eit godt måltid.

– Vi ser ei tydeleg utvikling til det verre når det kjem til levekår for mange i Noreg det siste året. Dei økonomiske skilnadane aukar, og vi får stadig fleire spørsmål om rein humanitær hjelp her heime i Noreg, seier generalsekretær Anne Bergh. 

Ei stor mengde kasser
Desse vil bidra til at jula vert litt trivelegare for dei som slit økonomisk. Kvar kasse har ein verdi på omlag 1000 kroner.

Enorm gjevarglede

For å få til prosjekt Juleglede er organisasjonane avhengig av økonomisk stønad. Då Eid Røde Kors tok initiativ til å starta matkasse-utdeling for tre år sidan vart det delt ut 42 kasser i Stad kommune. No når talet kassar er fleirdobla er bohovet for stønad større.  

Gjensidigestiftinga og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane gjev støtte til julegleder til barn. Lions, Filadelfia, Norske Sanitetskvinner og fleire andre organisasjonar, stiftingar, bedrifter og privatpersonar har bidrege med støtte til både matkasser og julegleder til barn. Ein donasjon frå Sparebank Vest i fjor har også bidrege til å gjere dette mogeleg.

Barn gir til barn

At det no er 174 hushaldningar i Stad kommune får matkasser til jul og 309 barn som får juleglede i form av gåvekort, er også privatpersonar i Stad kommune si fortjeneste. Familiar tek med borna sine til ønsketreet på Eid for å kjøpe inn gåver som dei gjev vidare og barn har bidratt med ulike innsamlingar.

Barna i Golvsengane Barnehage på Eid laga kunstutstilling og samla inn 10 000 kroner. Pengane dei samla inn gav dei til Eid Røde Kors Omsorg sin juleaksjon for familiar med låg inntekt. Også elevar på Stadlandet skule har samla inn pengar. Dei har arrangert omvendt julekalendar og samla inn 15000 kr, som dei ynskjer skal gå til julegleder til barn, både i form av gåver og matkasser.

Klatrestativ med mange barn
Stadlandet skule kunne glede lokalforeiningsleiar i Selje Røde Kors med ei gåve på 15 000 kr. Du kan sjå Arne Helge Seljen i klatrestativet. Maria Helgesen frå Frivilligsentralen i Selje er nede til høgre i bilete. Foto: Selje Frivilligsentral

Avhengig av støtta

Det er også satt ut handlevogner i butikkar, slik at alle som har mogelegheit kan bidra med matvarer til matkassene eller donasjonar via Vipps.

Thomas R. Brekke og Ole Nordnes køyrer rundt på Eid for å hente fulle handekorger. Arne Helge Seljen i Selje Røde Kors hentar korgene i Selje og langs vegen mot Eid. Maten i handlevognene hamnar i kassene som skal ut i lokalsamfunnet.

Handlekorg med mat
Ole Nordnes (t.v.) og Thomas R. Brekke samlar inn fulle handlevogner på Eid.

Thomas R. Brekke i Eid Røde Kors heilt sikker på ein ting.

- Vi hadde ikkje komt i mål utan denne gjevarvilja, då hadde vi ikkje hatt råd til dette, seier Thomas R. Brekke, nestleiar i Eid Røde Kors.

Sjå video frå matkasse-pakking her: 

 

Støtt våre frivillige sitt viktige arbeid ved å bli medlem. Som medlem støttar du di lokalforeining.