2302_Internasjonalkafe_ukrainakveld-2 kopi Vis bildetekst
Jorunn Russøy satte stemninga med sang og musikk, saman med Asbjørn Vie.

Velkomne skal de vere!

For å syne at Ukrainarar og andre flyktningar er hjarteleg velkomne i Førde arrangerte Internasjonal kafé Ukraina-kveld.

Førde Røde Kors samla over 70 flyktningar og nordmenn til kaker, kaffi, prat, song og musikk på sin internasjonale kafé. 

Fult hus

Kø i trappeoppgangen og raudkledde frivillige på jakt etter fleire stolar er det ein møter på veg inn i kantina i Røde Kors-bygget i Førde denne kvelden. «Vi må opne Kristin-stova òg», høyrer ein dagleg leiar Norvall Nøringset sei.

Aktivitetsleiar for Internasjonal Kafé, Torun Lucassen opnar med velkomst og dei 70 som er samla har funne seg ein stol og noko å bite i.

- Vi er veldig glad for å få så mange nye gjestar, vi har gleda oss til å helse på dei nye frå Ukraina og i dag kom det mange som vi skal bli kjent med etterkvart, seier Torun.

Førde Røde Kors sin internasjonale kafé har vore ein møteplass for nordmenn og utanlandske tilflyttarar i sju år. Det har vore variert oppmøte og det har vore utfordrande å få fatt på dei ukrainske flyktningane. Denne gangen har Førde Røde Kors lagt mykje innsats i å formidle tilbodet sitt til både Ukrainarar og lokalbefolkninga elles.

- Dette er eit glimt tilbake til 2015, då var det full brakke her, seier Lars Otto Sagvold som er frivillig på kaféen.

Røde Kors dame snakkar i mikrofon ein mann og to damer står ved sidan av
Det vert lettare å formidle informasjon når ein har med seg tolk. Liudmila Makkey og Andrey Kurnyev bidrog med omsetting. Jorunn Russøy (t.v) bidrog med musikk saman med Asbjørn Vie.

Faste deltakarar

Suzuber og Neska frå Syria har lenge vore faste gjestar på Internasjonal Kafé. Dei vart overraska då dei kom inn i lokalet, der det brukar å vere opp mot 20 gjestar, er det no over 70.

- Då vi kom her i dag var det mange her og det var fint. Ukrainarane er i same situasjon som i Syria, med mykje krig, det er fint å få kontakt med dei, seier Neska.

Det syriske ekteparet kom til Noreg for snart fem og eit halvt år sidan. Dei set pris på å komme til Røde Kors-kantina ein gong annakvar veke for å snakke norsk.

- Alt hjelper, litt etter litt og steg for steg så blir ein flinkare, seier Neska.

Draumen om fred

Dagens Internasjonale kafé byr på litt ekstra og utanom det vanlege. Dei lokale musikarane, Asbjørn Vie og Jorunn Russøy set stemninga med song og pianomusikk. Då dei spelar og syng Leonard Cohen sin “There is a crack in everything, that’s how the light gets in” vert det stille i lokalet.

Truleg kjenner mange at dei er med på noko spesielt då nordmenn, ukrainarar og andre flyktningar saman syng «Draumen om fred». Partiet: Her finst ikkje soldatar meir her finst ikkje meir gevær, og ingen kjenner lenger til det ordet militær, får nok fram klump i halsen til dei som forstår innhaldet.

Snart er det eit år sidan krigen i Ukraina eskalerte, og mange flykta over grensene. Nokon ukrainarar kom også til Sunnfjord. Blant dei som har busett seg i Førde er Olena.

Aktivitetsleiar Torun lyser opp då ho ser Olena på kaféen. Dei har nemleg møttast tidlegare, på «Til topps» som vart arrangert av Røde Kors på forsommaren.

Den gongen snakka Olena nokon få ord på norsk, men i dag snakkar ho flytande og i heilsetningar. Etter å ha snakka litt saman ser ho spørjande ut og kommenterar:

- Du seier selvfølgeleg, læraren min seier at det heiter sjølvsagt.

Sjølvsagt heiter det sjølvsagt på nynorsk, og det er absolutt ikkje sjølvsagt å forstå skilnaden. Olena har vore i språkpraksis på Pensjonistheimen og ho har fått jobb både der og på vaksenopplæringa. Likevel ynskjer ho meir språktrening og er veldig glad for å vere på Internasjonal kafé.

- Eg forstår ikkje kvifor eg ikkje har vore med før, seier Olena.

Olena ser fram til å vere med på Internasjonal kafé framover, og ho leikar med tanken om å også bidra som frivillig. Ho ser også fram til å vere med på neste «Til topps»  

- Eg klar for å gå til topps igjen, no veit eg meir om kva eg skal ha med meg og på meg, ler Olena.

Røde Kors-frivillig og ukrainsk dame
Det vart eit gledeleg gjensyn då Torun såg Olena på Internasjonal Kafé. Dei møttest først på "Til topps".

Dyrking av kjennskap, vennskap og grønsaker

Både Internasjonal kafé og «Til topps» er ein ypparleg mogelegheit til å bli kjent med folk i området, og ein stad ein kan så frø som kan gro til venskap.

Marit Bendz frå Vie andelslandbruk fortel om eit anna tilbod der ein kan dyrke både venskap og grønsaker.

- Vi veit det er mange her som er gode til å dyrke, og vi vil gjerne ha dykk med på laget, seier Marit.

Marit syner bilete frå åkeren og fleire følgjer nøye med.

- Det blir sagt at det er vanskeleg å bli kjent med folk i Førde, men ikkje i åkeren, seier Marit.

Kvelden går mot slutten og deltakarane pakkar saman sakene sine. Ei kø av folk stoppar opp med Torun for å takke for kvelden. To av dei er Tahana og Sergii, dei strålar om kapp og seier:

- Tusen takk! Vi kjem neste gang. Vakker musikk!

Då alle er gått står dei raudkledde frivillige att med oppvasken og med store smil.

- Kvelden har vore strålande, eg veit ikkje om eg får sove i natt. Vi vert motivert som frivillige og får lyst å fortsetje, seier Torun.

Ukrainsk par
Tahana og Sergii er nøgde med kvelden og kjem gjerne att neste gong.

 

Ynskjer du å bidra som frivillig på Internasjonal kafé? Trykk på knappen under.