RØFF-ungdom bidrog til inkluderande familiedagar
Ungdommar frå RØFF stilte opp som frivillige då Eid Røde Kors og Selje Røde Kors arrangerte familiedagar på leirstaden på Krokpollen 15. og 16. august.
- Eg er her som frivillig og følgjer med på om alle har det fint, og hjelper til om nokon treng hjelp, fortel Karoline Steinholm Jacobsen (15). Ho er ein av ungdommane i RØFF som deltok som frivillig.
Rundt 50 deltakarar fekk delta på aktivitetar som bading, trøbåtturar, RIB-turar, fisketur, og leik dei to dagane Røde Kors arrangerte aktivitetsdagar på Krokpollen. Leiar i Eid Røde Kors, Dag Sætren, fortel at mange familiar ikkje fekk høve til å nytte seg av Røde Kors sitt ferietilbod «Ferie for alle» i sommar, då det var avgrensa plassar og gjekk over fleire dagar.
- Dette her er eit alternativ i miniformat, fortel Dag.
Familiedagane skal vere eit tilbod som gir borna ei mogelegheit til å komme seg ut, leike og ha det moro saman med andre før sommaren går mot slutten.
- Vi tek dette før skulane startar igjen, slik at alle kan seie at dei har vore med på ein aktivitet i sommar, fortel Dag.
RØFF-ungdommar som frivillige
Sju ivrige ungdommar frå RØFF var til stades på familiedagane som frivillige. Dag Sætren fortel at det er viktig at ungdommane også får eit innblikk i omsorgsaktivitetane til Røde Kors.
- RØFF-arane som er på veg inn i hjelpekorpset får meir innsikt i kva Røde Kors er, ikkje berre søk og redning, men mykje meir enn det, seier han.
Karoline Steinholm Jacobsen har vore med i RØFF sidan 2022. På familiedagane har ho bidrege som frivillig, og vore med på fleire ulike aktivitetar.
- Eg har vore med på kjøkkenet og laga mat, eg har vore ute i tube, og bada ganske mykje, fortel Karoline.
I tillegg til å vere med på aktivitetane hadde ho også ei anna viktig oppgåve.
- I går var oppgåva mi å følgje med på dei som var i vatnet, seier Karoline.
Betyr mykje å gjere noko for andre
Unni Satren (14), Agathe Steinholm Jacobsen (14), Maria Shaina Bernaldez Dalseth (15) var også med som frivillige frå RØFF. Dei hadde som oppgåve å passe på at det alle hadde det bra, og passe på at aktivitetane gjekk som dei skulle. Maria fortel at det som betyr mest for ho er å få gjere noko for andre.
I tillegg fekk dei også sjølv vere med på aktivitetane.
- RIB turen var det kjekkaste, fortel Agathe. Dei to andre er einige.
Vil starte RØFF i Selje
Arne Helge Seljen, frå Selje Røde Kors var til stades som frivillig på dei lokale familiedagane. Han fortel at han har vore med begge dagane, og at det har vore to veldig kjekke dagar.
- Det er fantastisk, det største er å gjere ein forskjell for andre, seier Arne Helge.
Arne Helge Seljen kan med glede fortelje at dei planlegg å starte RØFF i Selje i september.
- Det er for å få til ein aktivitet for dei unge, fortel Arne Helge.
Han legg vekt på at det handlar mykje om det sosiale, moro, glede og samling. Målet er også å auke kunnskapen til dei unge om førstehjelp, korleis dei kan hindre ulykker, og hjelpe til når ulykker skjer.
- Dei skal mellom anna få kunnskap om kart og kompass, førstehjelp, båt, bandasjering, og lære å leggje ein spjelk. Når dei blir 18 og kjem inn i hjelpekorpset har dei grunnlaget dei treng, fortel Arne Helge.