Ungdommar trenar på bruk av vakumspjelk. Leiar bak og rettleiar. Vis bildetekst
Jonas Myklebust var nyleg instruktør på førstehjelpskurs og lærte opp sine tidlegare RØFF-lagkameratar til bli hjelpekorpsarar. Johannes Grytten Sandvika og Sunniva F. Buset øver på vakumspjelk.

Frå RØFF til leiar for hjelpekorps

Jonas Myklebust starta som «røffar» og er no leiar i hjelpekorpset i Svelgen-Bremanger Røde Kors.

Som 13-åring vart Jonas med i det nystarta RØFF-laget i Svelgen. RØFF er forkorting for Røde Kors friluftsliv og førstehjelp og er ein aktivitet for ungdom med interesse for friluftsliv og utandørs aktivitetar. RØFF skal vere ein arena for meistring der målet er at ein skal lære korleis ein tek vare på seg sjølv i naturen, men også korleis ein kan hjelpe andre.

RØFF som rekrutteringsarena for hjelpekorpset

Svelgen-Bremanger ser no korleis eit aktivt RØFF-lag bidreg til å styrke hjelpekorpset. Korpset har hatt øvingar saman med RØFF-laget, og aktivitetane i RØFF har vore tett knytt til dei utfordringane ein får i hjelpekorpset.

Ung mann i rød t-skjorte med gule striper på skuldrene
Jonas Myklebust er 20 år og leiar i hjelpekorpset i Svelgen-Bremanger Røde Kors.

Jonas fatta tidleg interesse for hjelpekorps, og i det han vart gamal nok, starta han kursrekka for å bli hjelpekorpsar. Eit av dei første kursa han tok var "Kvalifisert søk og redning" (KSOR) på Nesholmen, den årvisse kurshelga for nye hjelpekorpsarar. Han merka fort at kunnskapen og ferdigheitene han skulle lære der var kjent.

- Alt det vi hadde vore gjennom i RØFF, var veldig god bagasje å ha i sekken. Mykje av det ein driv med i RØFF er jo kart, kompass og samband, samt pasienttransport og det å ta vare på seg sjølv og laget sitt, fortel Jonas.

Også då han tok kurset "Kvalifisert Samband" var kunnskapen frå «røffen» god å ha.

- Vi brukte mykje samband i RØFF. Ikkje naudnettet, men det gamle VHF-sambandet som hjelpekorpset var på før. Vi har det enno som backup, men «røffen» får bruke det. Då får ein prøvd seg, utan at det kjennast skummelt.

Ungdommar med gule vestar
Svelgen-Bremanger starta opp RØFF i 2016 og har sidan hatt eit aktivt lag med gode Røde Kors-aktivitetar for ungdom. Foto: Svelgen-Bremanger Røde Kors

Gode førebilete og støttespelarar

Jonas hadde allereie god kjennskap til Røde Kors då han starta i RØFF. Farmor Sissel Myklebust tok Jonas med seg som markør på korpskveldar og bidrog til å så eit lite Røde Kors-frø. Sissel Myklebust var med å starte opp RØFF i Svelgen, og har vore ein primus motor der. 

Hjelpekorpset i Svelgen-Bremanger la tidleg merke til Jonas sitt engasjent og kunnskapsnivå. Ikkje lenge etter han var utdanna hjelpekorpsar, vart han verva inn i styret og vart etterkvart fagleiar for samband.

- Mellom anna har tidlegare leiar i hjelpekorpset, Astrid-Johanne Vårdal og nestleiar i lokalforeininga, Leo Husabø Holm Cirotzki har vore spesielt flinke på å skubbe meg opp og fram.

Jonas fekk etterkvart spørsmål om å ta over som leiar for hjelpekorpset, men på det tidspunktet kjente seg ikkje klar for det. Først etter å ha delteke på kurs i lagleiing, søk og redning fekk han dei verktøya han trengte for å ta på seg leiarvervet.

- Det kurset vaks eg veldig mykje på. Eg lærte veldig mykje som eg òg kan bruke som korpsleiar og eg fekk eit anna forhold til leiarrolla.

Å ha erfarne hjelpekorpsarar i laget, som bidreg til å løfte fram dei unge er viktig.

- Eg har masse gode støttespelarar rundt meg. Då eg fekk spørsmål om å ta over som korpsleiar, så sa eg at det var på eitt premiss. At Leo skulle fortsetje som operativ leiar og Astrid-Johanne skulle gå inn som administrativ leiar.

To unge gutar sit med samband og kart
RØFF-laget i Svelgen-Bremanger er med på øving med hjelpekorpset. Her sit Jonas med sambandet og kommuniserar med dei som er ute å "leiter". Ein ung "røffar" er med for å lære. Foto. Svelgen-Bremanger Røde Kors

Lærer opp nye  

Jonas har utdanna seg til å bli instruktør i Røde Kors. På den måten kan han bidra til å rekruttere og lære opp fleire til hjelpekorpset i Svelgen-Bremanger. Nyleg var han instruktør då lokalforeininga arrangerte kurs i kvalifisert førstehjelp. Eit kurs på 30 timar, som er det førstehjelpskurset ein treng for å bli hjelpekorpsar.

- Eg håpar jo at det fortsetjer som det ser ut no, med tanke på RØFF og rekruttering derifrå. Då kjem vi til å stå veldig sterkt i framtida.

Halvparten av deltakarane på førstehjelpskurset kom frå RØFF. Dersom alle gjennomfører kursrekka og vert ein del av hjelpekorpset vil storleiken på korpset auke frå 12 til 18.

- Vi står med opne armar og tek imot dei i hjelpekorpset. Vi tek dei med oss på korpskveldar og så får dei ta kursa i sitt tempo.

Jonas skal delta som instruktør under kurs i "Kvalifisert søk og redning" på Nesholmen i april, kurset han sjølv var deltakar på for få år sidan, og som bidreg til å utdanne nye hjelpekorpsarar i heile distriktet.

Gruppebilete
Svelgen-Bremanger Røde Kors har nyleg utdanna seks nye hjelpekorpsarar. Dette er framtidas hjelpekorpsarar i Svelgen-Bremanger.

Eit styrka hjelpekorps

Som korpsleiar ventar mange utfordringar. Gjennom «røffen» og i hjelpekorpset har Jonas øvd mykje på ulike hendingar, men han har enno til gode å vere med på ei stor uønska hending eller leiteaksjon. Jonas kjenner seg trygg på at dei skal handtere det bra den dagen det skjer noko.

- Vi er veldig gode til å hjelpe kvarandre i korpset. Når ein får ein melding om ei hending eller eit oppdrag, så kan ein kjenne på adrenalinet og bli litt opptrekt, men etter ei kort samtale får ein senka pulsen på heile laget. Vi går fort igjennom kva er dei faktiske rammene rundt oppdraget er og kva som kan møte oss.

Jonas har gjort seg nokon tankar om kva som er viktig for korpset i Svelgen-Bremanger.

- Vi må fokusere på det som er viktigast og det som er mest relevant for oss i vårt lokalområde. Det kan vere så elementære ting som transport av sjuke og skadde. Vi må øve på det som er viktigast og det som er grunnkunnskapen vår, må sitte heilt i fingerspissane.

Han har også gjort seg nokon tankar om kva som kan vere verst tenkeleg scenario i Svelgen-Bremanger.

- Vi er jo litt i beredskap med tanke på den store bedrifta i enden av fjorden her. Dei har eige industrivern, og dei har eit godt rusta brannvesen, men skulle det skje ei katastrofeulykke, så har ein behov for alle dei kompetente førstehjelparane ein har. I tillegg passerer masse store cruisebåtar gjennom Skatestraumen, ein veit aldri kva som kan skje.

Ein veit ikkje kva som kan skje, men det viktigaste er å vere budd, og å øve. Ein ting er vertfall sikkert, Svelgen-Bremanger Røde Kors Hjelpekorps er styrka og det er viktig for beredskapen i kommunen.

 

Ynskjer du å vite meir om korleis du kan bli hjelpekorpsar?

Les meir her.