Transport av pasient på båre udner grunnopplæringa i Hjelpekorpset Vis bildetekst
Transport av pasient på båre - ein del av grunnopplæringa i Røde Kors Hjelpekorps.

Grunnopplæring Hjelpekorps

Før du blir godkjent hjelpekorpsar og kan delta på aksjon, skal du få skikkeleg god opplæring. Dette er er grunnopplæringa i hjelpekorpset:

Førstehjelp, bruk av samband, metodar for søk og redning og ei innføring i kva Røde Kors og Hjelpekorpset er. Det er opplæringa du må igjennom før du kan delta i søk og redning.

Slik går du fram:

  1. Kontakt ditt lokale hjelpekorps. Fortel at du ønskjer å bli med. Avklar kva kurs du kan ta.
  2. Registrer deg digitalt i Røde Kors. Du kjem då inn i vårt medlemsregister, og får tildelt ei aktivitetstilknytning til ditt hjelpekorps. Då får du ein brukarkonto. Logg deg inn og meld deg på kursa du har avtalt med di korpsleiing.

1. Dette er Røde Kors Hjelpekorps Kurs-ID: 65323

Bli kjent med hjelpekorpset si organisatoriske oppbygging, om idéen bak hjelpekorpset og historia. Her lærer du om hjelpekorpset sine oppgåver, dei styrande dokumenta og om hjelpekorpset som støtteaktør for myndigheitene. Ein får også praktisk informasjon om lokalt hjelpekorps.

Informasjon og påmelding

2. Kvalifisert førstehjelp. Kurs-ID 62080

Du lærer grunnleggande førstehjelp til bruk på sanitetsvakter og i søk og redningsoppdrag. Det blir pasientundersøing og livreddande førstehjelp, du får kjennskap til skader og sjukdom, ulykker og førebyggande tiltak. Kurset er ei blanding av teori og øving. Kurset vert avslutta med prøver, som du må bestå for å bli godkjend.

3. Kvalifisert samband Kurs-ID: 65549 

«Kvalifisert samband» er eit brukarkurs i Nødnett. I tillegg handlar det om bruk av og prosedyrer i samband i Røde Kors generelt samt noko teknisk informasjon om samband som er naudsynt å kjenne til.
Kurset avsluttast med ei ringløype.

4. Kvalifisert søk og redning. Kurs-ID 59787

Kurset vil gje deg nødvendig kunnskap og haldningar som set deg i stand til å delta på søk- og redningsaksjonar på ein sikker, nøyaktig og effektiv måte. Du får innblikk i korleis redningstenesta er bygd opp, og får trent på ei rekke søkemetodar og korleis frakte pasient i naturen. Du får lære rutiner for funn og handsaming av tause vitner, og korleis du best kan sikre eigen tryggleik og ta vare på deg sjølv i naturen. Mentale førebuingar og defusing er også ein del av kurset.

Fleire kurs/samlingar