Ei kvinne held ein kaffekopp og smiler mot ein mann som ler.

Internasjonal Kafé gav Natali eit nytt liv

Etter å ha flykta frå krigen i Ukraina fann Natali Khramtsova ein ny start i Førde. Gjennom Internasjonal kafé fekk ho fellesskap, språk og eit nytt liv.

Då Natali Khramtsova kom til Noreg var alt nytt. Ho hadde flykta frå Ukraina saman med mannen og dei to sønene sine. Ho minnest dei første vekene som både forvirrande og skumle.

– Første månaden var eg veldig redd. Mange prøvde å snakke med meg, men eg klarte ikkje å svare. Eg torde nesten ikkje å gå på butikken for å kjøpe brød, fortel ho stille.

Kvinne smiler til kamera. Ho sit i ein sofa.
Natali Khramtsova, her på Internasjonal Kafe sitt 10-årsjubileum.

I Ukraina hadde dei mista alt. Familien flykta først til andre byar i landet, før dei kom seg til Noreg hausten 2022. Natali og familien visste lite om landet dei skulle til – anna enn at det var kaldt. Men det var heldigvis ikkje fullt så kaldt som dei hadde trudd.

– Då vi kom til Noreg hadde vi på oss store jakker og store sko, ler ho.

- Vi må gå vidare

Ho fortel om kor tungt det var å forlate alt, og om andre ukrainarar som slit med å finne seg til rette.

– Eg vil ikkje det. Vi må gå vidare, seier ho bestemt.

Kanskje er det nettopp denne viljen og styrken som har ført Natali dit ho er i dag – med jobb, språk og eit nytt liv i Førde. Men sjølv meiner ho det handlar om noko meir: menneska ho møtte på vegen.

Då familien kom til Førde møtte ho Torun Lucassen frå Røde Kors, som inviterte henne med på Internasjonal kafé. Det vart starten på noko heilt nytt.

– Mange ukrainarar har ikkje norske vener å praktisere språket med. Her får vi praktisere språket, møte andre, og hjelpe kvarandre.

Folk sit rundt eit bord og pratar og ler.
Her lærer Natali norsk på den beste måten – i samtalar på Internasjonal Kafe.

Ein stad for språk og samhald

Internasjonal kafé i Førde har sidan 2015 vore eit møtestad for menneske frå heile verda – ein plass der språk, kultur og kvardag møtest. For mange som kjem til Noreg for første gong, er kafeen eit pusterom frå det ukjende. Her møter ein folk frå ulike land som er i same situasjon. For Natali vart det ein stad å både få og gje hjelp.

– Torun og Lars er som familie for meg – som mor og far, seier ho og ler litt.

Det å bli inkludert, sett og forstått har gjort overgangen til livet i Noreg lettare.

Optimist

Tre år etter at ho kom, har Natali funne sin plass. Ho jobbar no på Biltema, og mannen hennar har også fått seg jobb.

– Barna mine har vener her, dei snakkar norsk, og vi lever eit vanleg liv. Eg føler meg litt norsk, seier ho – med Ukraina i hjartet, sjølvsagt.

Ho smiler når ho fortel om ein augeblink som gjorde inntrykk:

– Det var siste dagen til sonen min på skulen, og dei hadde konsert for foreldra. Sangen dei framførte var Optimist av Jahn Teigen. Heile dagen etter, viss eg begynte å bli litt trist ... Nei, nei, nei! Optimist, eg veit det går bra til sist, nynner ho og smiler.

Sangen har hjelpt henne gjennom tunge dagar. Og i dag ser ho likskapar mellom det norske og det ukrainske livet – meir enn forskjellar.

– Vi trudde alle at det var stor forskjell mellom norske og ukrainske folk. Men vi er ganske like, seier Natali.

Ti år med varme og frivilligkraft

Denne hausten feira Internasjonal kafé tiårsjubileum. Bak markeringa står eit sterkt frivilligmiljø – eldsjeler som Torun Lucassen, Lars Sagvold og mange fleire – som gjennom ti år har skapt eit rom for tillit, vennskap og integrering i praksis.

Ei kvinne med blomar i handa står og smiler og prater til ein mann.
Torun Lucassen og Lars Sagvold – to menneske som gjer Førde litt varmare.

For menneske som Natali, har kafeen vore mykje meir enn berre ein møteplass. Den har vore ein trygg stad å lære språk, finne vener – og starte på nytt.