25-04-KSOR-Nesholmen-1 Vis bildetekst
God stemning og fullt fokus. Deltakarane på KSOR på Nesholmen gjer seg klare til å navigere i terrenget – berre med kart, kompass og koordinatar frå KO.

Vårens vakraste eventyr – no for 20. gong

Varm vårsol låg over speilblankt vatn og tett grøn skog – velkomen til Nesholmen, der «vårens vakraste eventyr», som Røde Kors kallar det, utspelar seg kvart år.

Her vart det denne helga arrangert Kvalifisert søk og redning (KSOR) – for 20. gong.

Og kva gjer ein når eit kurs rundar 20 år? Ein feirar, sjølvsagt – med kake, heider og god stemning. Det vart delt ut påskjønningar til både deltakarar, rettleiarar og stab, og kakebiten var neppe den tøffaste utfordringa denne helga.

51 klare for aksjon

Heile 51 deltakarar – inkludert 11 frå Haugland United World College (UWC) – tok del i kurset, som gav ein solid dose læring og utfordring i trygge rammer. I løpet av helga fekk dei trent på å finne mennesker som har gått seg vekk, surre pasientar fast til båre, frakte dei trygt til vegs, og mykje meir. Alt dette skjer i ekte fjell- og skogsterreng, som byr på ein del ekstra utfordring.

Kart, kompass og kurs med turmat i sekken

Frida Herland (22) frå Askvoll var ein av dei som tok utfordringa denne helga. Til vanleg jobbar ho som ambulansefagarbeidar – og har med andre ord redda eit liv eller to frå før. Likevel synest ho helga var både lærerik og utfordrande.

– Det mest lærerike for meg var kart og kompass. Der hadde eg ingenting frå før, seier ho med eit smil.

Portrettbilde av Frida Herland ute.
Frida Herland frå Askvoll var deltakar på KSOR-kurset på Nesholmen.

Ho innrømmer at det var litt skummelt i starten. Men etter kvart sat kunnskapen godt – mykje takka vere opplegget, der det teoretiske vart kombinert med praktisk trening heile helga gjennom.

Frida fekk også vist fram eigne ferdigheiter. Då det skulle demonstrerast korleis ein brukar Backboard-båre, kunne ho steppe inn og vise korleis det skal gjerast – med stødig hand og god erfaring.

Frida Herland smiler ved sidan av ei Backboard-båre som ho skal vere instruktør for.
TOK STYRINGA: Med bakgrunn som ambulansefagarbeidar fekk Frida testa seg som instruktør.

Det var ikkje berre kompetanse som vart bygd opp i løpet av helga – men også appetitt. Når lunsjtida kom, spreidde gjengen seg utover graset, med termoskaffi i koppen. Real turmat blei fort dagens gourmetoppleving. I sekkane låg det sjølvsagt litt ekstra motivasjon: små sukkerdryss som hjelpte på humøret når motbakkane var brattast og sekkane tyngst.

Ei gruppe frivillige frå Røde Kors sit i graset og et lunsj i sola. Dei har på seg turklede og refleksvestar, og stemninga er avslappa og god. Skog og blå himmel i bakgrunnen.
VELFORTENT PAUSE: Lunsjpause i felt er like viktig som innsats!

Orientering og tunge sekkar

Deltakarane vart delte inn i lag når dei kom, og gjennom dagane skulle dei finne vegen til ti ulike postar spreidd rundt i terrenget – berre ved hjelp av koordinatar frå KO (kommandoplass). Det vart mykje vandring i ulendt terreng, bratte bakkar og tunge sekkar, men humøret haldt seg oppe.

– Dagane gjekk kjempefort, og det var veldig gøy, seier Frida.

For henne var det aller kjekkaste nettopp desse turane og opplegget på dagtid. Samhaldet, meistringskjensla og det å bli utfordra både fysisk og mentalt, gjorde inntrykk.

– Eg angrar ikkje på at eg vart med, avsluttar ho med eit smil.

Sjå oppsummeringsfilmen frå kurshelga!

Vil du vere med på "vårens vakraste eventyr"?

Røde Kors Hjelpekorps treng fleire frivillige. Er du glad i friluftsliv, fellesskap og det å hjelpe andre – så er dette midt i blinken.

Kven veit – kanskje det blir du som står der med kart og kompass neste vår, klar for å ta del i vårens vakraste eventyr?