Bildet viser mange fulle matkasser oppstilt på golvet.

- Det blei heilt stille i lokalet før jubelen braut laus

I eit stort rom står 185 kasser på rekke og rad. Alle er nummererte. Ingen namn. Berre tal.

For kvar kasse er det gjort ei grundig vurdering. Målet er å gi familiar i Stad kommune ei litt trivelegare jul.

– Dette er lavinntektsfamiliar. Og i dei familiane er det også veldig mange barn, seier Toril Olesrud Fjørtoft, leiar i Eid Røde Kors Omsorg.

Kassene vert delt ut til familiar i Stad kommune. Totalt er over 200 barn omfatta. Alle barna får eit gåvekort, slik at dei kan få seg noko dei ønskjer seg til jul.

– Alle barna får eit gåvekort. På Ringo, Skogstad, Cubus eller Ark. Då veit vi at dei får julegåve, seier Toril.

To kvinner i Røde Kors-skjorte smiler til kamera.
Toril Olesrud Fjørtoft (t.h) er leiar i Eid Røde Kors Omsorg. Foto: Privat

I tillegg til å gi matkassene og gåvekorta til barna, har dei også gitt 25 blomster til einslege heimebuande eldre. 

Sjette året

Matkasse-ordninga i Stad starta i 2019, rett før koronapandemien.

– Dette er sjette året vi held på no, seier Thomas Brekke, nestleiar i Eid Røde Kors.

Ordninga starta i samarbeid med Sanitetsforeiningane og med støtte frå næringslivet. Etter kvart har fleire aktørar kome til. I dag er det eit tett samarbeid mellom frivilligsentralen, Eid og Selje Røde Kors, Sanitetsforeiningane, Lions, kommunen og næringslivet. 

Thomas Brekke og Ole Nordnes i matkasse-lokalet
Ole Nordnes og Thomas Brekke. Foto: Privat

I år er det sju fleire kasser enn i fjor – ei moderat auke.

– Det er innanfor normalen, seier Thomas.

– Reine Fredrikssons fabrikk

Når varene kjem, blir lokalet raskt forvandla til eit effektivt pakkeband, men sjølsagt med rom for det sosiale.

– Du skulle berre visst. Det er reine Fredrikssons fabrikk, seier Toril og ler.

Bildet viser mange matkasser fulle av mat.
Det vart pakka totalt 185 matkasser. Foto: Privat

Rundt 30–35 frivillige deltok på pakkedagen. Fleire som ikkje var frivillige frå før, meldte seg for å hjelpe.

– Ei spurde: «Eg kan vel vere med sjølv om eg ikkje er frivillig?» Og då sa eg: Ja, veit du kva, det er berre hyggeleg. Men du kan godt bli frivillig òg, ler Toril.

Pakkearbeidet gjekk over ein lang dag, og dei siste var ikkje ferdige før 8-9 tida på kvelden.

– Vi starta klokka ni. Første skift til halv eitt. Så eitt til fire. Kontrollørane kom klokka seks, seier Toril.

Sikra for neste år

Midt under pakkearbeidet kom ei overrasking. Plutseleg kom det ein heil delegasjon frå Sparebanken Norge. Dei kom inn og stod og kika på effektiviteten. Så kom dei med ei gladmelding:

- Så sa dei at dei ville gi 200 000 kroner. Det blei heilt stille i lokalet før jubelen braut laus. Då sa vi berre: «Yes! No blir det matkasser neste år òg.» fortel Toril.

Ein stor gjeng med frivillige held opp ein sjekk som står 200.000 kr på.
Det kom som ei stor overrasking for dei frivillige. Foto: Privat.

Thomas Brekke kallar støtta avgjerande.

– For første gong kan vi seie allereie no at det blir matkasser neste år. Tidlegare har vi ikkje vore sikre før i september eller oktober, understrekar Thomas.

Ei litt trivelegare jul

Behovet for kassene blir vurdert av fleire instansar, men felles er at det er dei som har mest kjennskap til behova som tek vurderinga. Nokre familiar tek også kontakt sjølve.

– Det er folk som kjem direkte på frivilligsentralen og spør.

Samtidig er anonymiteten heilt avgjerande. Dei frivillige som pakkar kassene, veit ikkje kven som får dei – berre at behovet er der.

– Det blir så mykje meir tydeleg når ein ser alle kassene stå der, enn når du ser eit tal på ei blokk. Det handlar om å gi dei ei litt trivelegare juletid, seier Thomas.

Bak kvar nummererte kasse og kvart einaste gåvekort ligg mange timar med frivillig innsats, samarbeid – og eit felles mål om å gjere jula mogleg for fleire.