Vis bildetekst
Friluftsliv, førstehjelp og erfaringar for livet
RØFF vart meir enn berre ein fritidsaktivitet – her fekk Jon Atle erfaringar, minner og ein veg til leiarrolla.
I 2014 vart ein 15 år gamal gut invitert av naturfagslæraren sin til å vere med på ei øving med hjelpekorpset. Scenarioet var dramatisk – brann på ei ferje – men opplevinga gav meirsmak. Kort tid etter melde han seg inn som aspirant i hjelpekorpset. Slik byrja Røde Kors-reisa til Jon Atle Sagebø-Rise. No er han distriktsleiar.
Slik starta RØFF i Svelgen
To år etter den første øvinga, i 2016, bestemte han og ein annan aspirant å starte opp RØFF i Svelgen. Jon Atle vart aktivitetsleiar, og heldt fram med det i to år, fram til 2018. Motivasjonen var todelt:
- Den eine var kanskje det at vi hadde lyst på litt meir Røde Kors-aktivitet. Og så synest vi det var veldig kjekt å prøve å få fleire engasjerte i både Røde Kors, men òg først og fremst i friluftsliv, som er ei interesse eg har.
Det var ikkje berre aktiviteten som motiverte, men også moglegheita til å skape eit fellesskap for ungdom.
Sosial møteplass og rekruttering hand i hand
Som aktivitetsleiar fekk han sjå ungdom utvikle seg på nært hald.
- Det er litt fascinerande å sjå korleis du får inn ferske ungdomar og jobbar med dei over tid, og oppdagar kor mykje dei får med seg, lærer og engasjerer seg, seier han.
For han handlar RØFF like mykje om sosialt fellesskap og tilhøyrsle som om øving.
- Når ein driv med RØFF-aktivitet, er det viktig å tenke at det ikkje berre er ein rekrutteringsarena. Ein må òg prøve å tenke på det som ein humanitær aktivitet. Dei ungane som er der er kanskje ikkje så glad i klassiske ballaktivitetar. Ein må prøve å sikre at dei òg får oppleve både meistring og fellesskap i RØFF-aktivitetar. Det synest eg er veldig viktig.
Tenåringar, skadesminke og litt lite søvn
Jon Atle trekkjer fram små augeblikk og fine opplevingar som noko av det viktigaste med RØFF.
- Frå å setje opp telt etter klokka tolv om natta med altfor mykje mygg, til det å vakne først og sitje der med bålet på morgonen og berre nyte ein roleg morgon medan alle andre ligg og søv. Du får minner for livet, fortel han.
Ei helgesamling på skihytta sit også godt i minnet hans. RØFF-gjengen var på ei skihytte utanfor Svelgen, og på søndagen stod ei skadeøving med skadesminke på programmet.
- Sjølv om du står der med ei gruppe ungdomar på 13–14 år, så er det fullt fokus, full seriøsitet. Dette er same gjengen som absolutt ikkje ville legge seg kvelden før, seier han og ler.
Frå leirbål til leiaransvar
No som distriktsleiar ser Jon Atle tydeleg korleis erfaringane frå RØFF har forma han. Gjennom ungdomsaktiviteten har han lært tolmod, kunsten å la folk arbeide i eige tempo, og evna til å motivere andre – ferdigheiter som fungerer like godt i møterommet som rundt eit leirbål.
Han er ikkje åleine om å ha starta Røde Kors-reisa si i RØFF. Erfaringane viser tydeleg resultat: fleire av dei som starta i RØFF i Svelgen, har i dag sentrale verv i organisasjonen – frå distriktsrådsleiar til korpsleiar. Andre går kanskje ikkje vidare i Røde Kors, men sit att med verdifull kunnskap i både førstehjelp og friluftsliv – ferdigheiter som kan brukast heile livet.
Ein hobby for livet
Når han får spørsmål om kva råd han vil gi ungdom som vurderer å bli med, er han klar:
- Prøv. Kva er det verste som skjer? Du får litt førstehjelps- og friluftskunnskap. Om du likar det, så har du fått deg ein organisasjon og ein hobby for livet. Det er berre å gønne på og prøve.