SFRK_SMÅ_TIL_TOPPS_25_1_Toppbilde

Fellesskap og meistring – steg for steg

Frå mange ulike land, med ulike historier – men denne dagen hadde alle same mål: Til Topps. Laurdag 21. juni gjekk 130 menneske saman til fjells for fellesskap og meistring.

Rekordmange påmelde

Sogn og Fjordane Røde Kors arrangerte for sjuande gong «Til topps» – ein dag der norsk natur blir ramma for noko mykje større: menneskelege møte på tvers av språk, kultur og bakgrunn. I år var det rekordmange påmelde deltakarar.

Fjellvandrarar går oppover ein sti i terrenget, med ryggsekkar og fjellklede. Forgrunnen viser ein person med raud sekk, og landskapet er grønt og ope under blå himmel.
Steg for steg opp mot Britastein.

Med Hodlekve Skisenter som utgangspunkt, kunne deltakarane velje mellom to turalternativ. Nokre la i veg mot Britastein – rundt 1000 meter over havet – medan andre tok den litt meir familievenlege ruta nært skianlegget. Uansett vegval var opplevinga den same: å vere ute, saman, i den vakre vestlandsnaturen.

Ein deltakar smiler på toppen av fjellet. Det er sol og vid utsikt i bakgrunnen.
Eit stort smil på toppen – meistring, glede og utsikt etter ein fin tur.

Ein møteplass for heile Sogn og Fjordane

Arrangementet samla deltakarar frå heile Sogn og Fjordane, med mange ulike bakgrunnar – flyktningar, asylsøkjarar, arbeidsinnvandrarar og frivillige. Eit mangfaldig turfølgje med både nye innbyggjarar og frivillige i lag. Det var latter, steikjande sol og godt humør så langt ein kunne sjå.

Ei gruppe menneske sit og står utanfor ei lita, mørkgrå hytte med Røde Kors-flagg ved Britastein. Det er sol, og landskapet rundt er fjell og lyng.
Ved Britabu fekk mange ein velfortent pust i bakken utanfor hytta.

Etter turen venta grilling, leik og avslapping ved skianlegget – og praten gjekk livleg, på tvers av språk og bakgrunn.

Gruppe menneske sit og står utanfor Hodlekve skisenter på ein solrik dag. Nokre et, nokre snakkar, og fleire kviler etter fjelltur. Røde Kors-telt og fjell i bakgrunnen.
Deltakarane var samla utanfor Hodlekve skisenter etter turen – med sol, grilling og gode samtalar.

Fantastisk innsats frå frivillige

Ingen Til Topps utan dei frivillige som stiller opp. Frivillige bidrog som turleiarar, sjåførar, matansvarlege, registreringsansvarlege og støttespelarar gjennom heile dagen. Innsatsen deira la grunnlaget for tryggleik, samhald og gode opplevingar for alle som deltok.

Neste år ventar nye stiar og nye høgder. Men målet vil vere det same: å byggje fellesskap og meistring – steg for steg.

Sjå film frå turen: