
Blomstrande ungdomsengasjement på Jølstraholmen
Ein engasjert gjeng unge frivillige samla seg på Jølstraholmen for å ha det kjekt saman, og velje nytt distriktsråd Ung i Sogn og Fjordane Røde Kors.
Ungdommar frå Sogn og Fjordane og ein liten gjeng frå Hordaland er til stades på ung-treffet. Praten går lett, musikken spelar i bakgrunnen, og nokre dansar sving! Helga er prega av sosialt samhald og mykje moro, der gamle og nye vener knyter band og deler erfaringar.

Frå fire til seks med overraskande vendingar
Det er klart for å velje nytt distriktsråd. Jostein Vedvik skal gå av som leiar, og det er venta eit heilt nytt medlem i d-rådet. Det er spenning i rommet - kven blir det nye d-rådet? Sunniva Fjeldstad Buset vert vald som ny leiar. Medlemmane Eyvin Nordstrand Bøkenes og Thomas Kiviranta held fram i d-rådet. Det er tid for å ønske det nye medlemmet, Oline Kristine Myklebust, velkommen. I tillegg kjem Hiba Alnuaimat inn som varamedlem. Dei vert tatt imot med varm applaus.
Men så skjer det noko – plutseleg kjem ein uventa lapp på bordet. "Hege Anett". Rundt bordet er det sjokkerte ansikt og breie smil. Hege Anett Seljeset melder at ho vil vere med i d-rådet, ho også. Med det ynskjer alle ho velkommen inn i det nye d-rådet, som dermed har gått frå fire til seks medlemmar.

Ny leiar tek stafettpinnen vidare
Jostein Vedvik takkar for seg som leiar, og legg bak seg mange år med hardt arbeid og engasjement i Røde Kors Ungdom. Han har leia under fleire viktige prosjekt og arrangement, inkludert ungdomstreff, mental helse-konferansen "Utan Filter", og den nasjonale RØFF-campen på Lyngmo, der han hadde ansvar for å setje i gang aktivitetar for rundt 140 ungdommar. Med eit smil og litt humor ser han tilbake på den hektiske, men spennande perioden.

- Åh, det var gøy, men veldig, veldig stressande, ler Jostein.
No tek Sunniva Fjeldstad Buset stafettpinnen vidare som ny leiar for distriktsråd Ung. Jostein omtalar Sunniva som ein perfekt kandidat til leiarrolla.
- Ho er kjempeflink og engasjert, og ho har vore ein fantastisk nestleiar, seier han.

Med stor entusiasme, klare visjonar og mykje optimisme er Sunniva klar til å ta fatt på nye utfordringar.
- Eg synest dette er dritskummelt, men det er også gøy, ler ho.
Ho er nervøs, men gleder seg likevel. Jostein og Sunniva har samarbeidd tett som leiar og nestleiar i eitt år no. Det gode samarbeidet og tilliten frå Jostein gjorde at ho vart trygg nok til å tørre å gå inn som leiar. Det er eit større ansvar enn ho har hatt før, men ho er optimistisk.
- Det blir ei utfordring å ta ei større leiarrolle, men eg trur det kjem til å gå veldig bra, seier Sunniva.
Kva er distriktsråd Ung?
Distriktsråd Ung (også kalla d-råd Ung) spelar ei sentral rolle i å sikre at ungdommen si stemme vert høyrt i Røde Kors. Som eit rådgjevande organ for distriktsstyret, er rådet samansett av unge frivillige som er valde til å representere ungdommen i sitt distrikt. Dei arbeider mellom anna med å styrke og utvikle unge leiarar og tillitsvalde, skape frivillig engasjement blant unge, samt å fremje humanitære aktivitetar og prosjekt som er viktige for ungdom.
Frå kyst til fjord
Medlemmane i det nye distriktsrådet kjem frå Svelgen, Førde, Lærdal, Florø, Hornindal og Nordfjordeid, noko som gir ei brei geografisk forankring i distriktet vårt og eit rikt mangfald av erfaringar og perspektiv. Dette gjer d-rådet godt rusta til å forstå og møte behova til ungdommen i både by og bygd, frå kysten til fjorden.
I Røde Kors har alle noko å bidra med
Oline Kristine Myklebust kjem inn som ferskt medlem i d-rådet, og står no som nestleiar. Tidlegare har ho vore aktiv som frivillig i hjelpekorpset og innan omsorg, i tillegg til å vere med på ung-aktivitetar. No er ho klar for meir ansvar, og spent på korleis det blir å få vere med på planleggingsdelen bak aktivitetane.
- Eg brenn for veldig mykje av det Røde Kors gjer, og eg trur at det er når ein er utanfor komfortsona at ein veks, fortel Oline

Ho har tidlegare ønskt å vere med i d-rådet, men mangel på tid og kapasitet har stoppa henne. No er ho klar for den nye rolla. Til tross for at ho kjenner litt på nervane, har ho tru på at ho kan bidra med noko positivt i rådet.
- I Røde Kors har alle noko å bidra med, avsluttar Oline med eit smil.
Oline og resten av d-rådet er klare for å fortsetje det viktige arbeidet for unge. I tida framover vert det fokus på å gjere seg meir synlege, slik at dei får fleire unge inn i organisasjonen, og auke frivillig engasjement blant unge.