Utan fasade og utan filter
Bak smil og fasade slit stadig fleire unge. På «Utan filter» i Sogndal vart det snakka ope om det som verkeleg gjer vondt – og kva som skal til for å stå støtt.
Aldri før har så mange unge meldt om angst, uro og kjensla av ikkje å strekkje til. Det kunne sosionom og høgskulelektor Arild Johann Wefring Kopperstad og barne- og ungdomspsykiater Tore Hågård stadfeste, då dei deltok på "Utan Filter" – eit ope kveldsarrangement om mental helse, i Sogndal 13. november.
Torsdag kveld vart Storsalen i Sogndal Kulturhus fylt av openheit, modige stemmer og fagleg tyngde då Distriktsråd Ung inviterte ungdom til å dele eigne erfaringar og snakke høgt om mental helse. Etter fjorårets suksess i Førde, var det Sogndal sin tur til å vere arena for ein kveld som tok dei unge på største alvor.
Ærlege stemmer, sterke historier og viktig fagkunnskap
Artist Gunn Kvaale sette tonen frå første stund. Gjennom musikken sin opna ho eit rom for ærlegdom og nærleik – og la grunnlaget for ein kveld som våga å gå tett på dei vanskelege kjenslene. Distriktsleiar i Sogn og Fjordane Røde Kors, Jon Atle Sagebø-Rise, tok deretter publikum inn i eit realistisk og til tider krevjande bilete av korleis unge i Vestland eigentleg har det.
Influensar Linnea Løtvedt fylgde opp med si eiga historie om angst og lav meistringsfølelse – ei forteljing som gjorde salen stille. Ho snakka om press, redsel og kor krevjande det kan vere å søke hjelp når ein kjenner at alt raknar.
Ein samtale som gjekk i djupna
Kvelden enda i ein engasjerande sofaprat der Gunn Kvaale og Linnea Løtvedt møtte Tore Hågård og Arild Johann Wefring Kopperstad. Under leiing av ordstyrar Jostein Vedvik dreia samtalen seg om psykisk beredskap, kvifor angst aukar blant unge, tabuar knytt til mental helse – og kvifor det framleis kan vere krevjande å vere heilt seg sjølv.
Psykisk beredskap – kva betyr det?
Gjennom heile kvelden gjekk omgrepet «psykisk beredskap» som ein raud tråd. Men kva betyr det eigentleg? Ifølgje psykiater Tore Hågård handlar det om robustheit: korleis vi står i motstand, korleis vi held oss flytande når livet kjennest tungt – og korleis vi bygger vår eiga indre tryggleik i ei verd prega av uro, krig, digitale krav og uavbrotne forventningar.
Kriser skjer ikkje berre på dei store arenaene. Dei skjer i kvardagen – i små og store nederlag, i tap, sjukdom, endringar, og i situasjonar som for andre kan verke uvesentlege, men som kjennest altoppslukande for den som står midt i det.
Ein av tre kjenner seg ikkje trygge på å hjelpe
Ei fersk Røde Kors-undersøking viser at ein av tre i Noreg ikkje føler seg trygg på å gi psykisk og praktisk støtte når nokon er i krise. Samstundes er folk langt meir komfortable med fysisk førstehjelp. Tala slår fast eit tydeleg kompetansegap – og behovet for fellesskap, språk og kunnskap om mental helse blir berre større.
For Sunniva Fjeldstad Buset, leiar i Distriktsråd Ung, er bodskapen klar: openheit må ikkje vere unntaket, men norma.
– Unge er framtida vår, og vi treng å bli høyrde, sett og tatt på alvor. Vi må også vise at det ikkje er farleg, feigt eller dumt å be om hjelp – eller å snakke ope om psykisk helse, seier ho.
Eit psykisk førstehjelpsskrin for kvardagen
I sofapraten vart paneldeltakarane utfordra på kva unge faktisk bør ha i sitt «psykiske førstehjelpsskrin». Råda var enkle – men kraftfulle: ha ein person du kan snakke med. Praktiser takksemd for dei små gledene. Bruk musikk, aktivitet eller andre kvardagsrutinar som får kroppen ned og tankane på plass.
Alle har ei mental helse
Målet med kvelden var tydeleg, og Sunniva Fjeldstad Buset oppsummerte det slik:
– Gjennom Utan Filter ønskte vi å auke bevisstheita hos ungdom om at alle har ei mental helse – og gi dei verktøy dei kan ta med seg i sin eigen psykiske beredskap.
Utan Filter skjer berre éin gong i året. Men bodskapen frå kvelden er like aktuell kvar einaste dag: mental helse er ikkje noko vi tek på alvor ein gong i året – det er noko vi må ta på alvor heile tida.