Astri Kyrkjeeide smiler forsiktig til kamera ikledd ei raud røde kors-jakke Vis bildetekst
Astri Kyrkjeeide – ei av eldsjelene bak Vaketenesta i Stryn Røde Kors.

Ingen skal døy aleine.

Vaketenesta i Stryn Røde Kors gir nærvær og støtte til menneske i siste fase av livet – og til pårørande som treng avlasting.

På Røde Kors-huset i Stryn står omsorgsleiar Astri Kyrkjeeide. Ho tek imot med eit smil, ein kaffikopp og eit fat med brødskiver. "Forsyn deg, du har køyrt langt" seier ho, før ho begynner å fortelje om ein av dei mest sårbare og viktigaste aktivitetane Stryn Røde Kors driv: Vaketenesta.

Astri sit ved eit bord og smiler til kamera
Astri tok imot med eit varmt smil.

Ingen skal døy aleine. Ingen, seier Astri bestemt.

Ho legg vekt på ordet ingen, og det er ikkje vanskeleg å forstå kvifor. Vaketenesta i Stryn blei starta opp i 2023, inspirert av Røde Kors-tilbodet andre stader i landet. Første året sat frivillige i 15 timar og eit kvarter ved dødsleie. Året etter var timane nesten dobla. Og så langt i år har dei frivillige allereie sete over 106 timar hos menneske i livets aller siste fase.

Frå vondt til verdig

Vaketenesta har ein viktig jobb. Det er eit samspel mellom de frivillige og helsepersonellet. Frivillige skal ikkje stelle, gje medisinar eller ta over helsepersonellet si rolle. Men dei skal vere til stades – halde ei hand, tørke ei panne, nynne ei stille vise, skape ro.

– Høyrselen er det siste som forsvinn. Vi sit der, held i handa, stryk litt på kinnet. Vi skal ikkje stelle, men vi kan vere nær. Og dei merkar det. Heilt tydeleg, seier Astri.

For pårørande kan Vaketenesta vere ei stor avlastning. Mange slit seg ut på vakenetter, på frykta og uvissa. Nokre gongar finst det ingen nær familie. Då er det ekstra sterkt å sjå kva det betyr at Røde Kors kjem.

Astri hugsar godt ein gong ho kom til ein pasient som hadde sysken på besøk. Dei hadde sete dag og natt, og var slitne.

– Då eg kom, byrja svigerinna å gråte. Ho sa: "Eg er så takknemleg". Det er lønn for jobben vi gjer. Takknemlegheita deira – det er alt.

Ei hand å halde i

Dei frivillige i vaketenesta i Stryn er ei gruppe på ti. Sju av dei har helsefagleg bakgrunn, andre har eigne erfaringar frå å følgje sine næraste den siste vegen. Felles for dei alle er eit ønskje om å vere der for nokon når livet går mot slutten.

– Når eg går heim etter ei vake, kjenner eg at eg har bidratt med noko viktig. Det er sterkt å sitje der og halde ei hand. For det er akkurat det dei ønskjer – å ha ei hand å halde i. Det er sterkt. Veldig sterkt, seier Astri stille.

Samarbeid og støtte

Stryn Røde Kors har ein formell samarbeidsavtale med kommunen, og dei frivillige jobbar tett med helsepersonell. På sjukeheimen har reaksjonane vore sterke:

– Ein sjukepleiar kom bort til meg på korøving og sa: "Når eg høyrde at de starta Vaketenesta, så byrja eg å gråte. Eg vart så glad." fortel Astri.

Bilde av røde kors logo på jakka til Astri
Astri er omsorgsleiar i Stryn Røde Kors, og har eit stort engasjement for omsorgsaktivitet i lokalsamfunnet.

Ein verdig avslutning

Å sitje vake handlar ikkje berre om den som skal døy, men også om dei som blir att. Pårørande får eit pusterom, helsepersonell får ei nødvendig støtte, og den døande får det som alle menneske har rett på: ein verdig avslutning på livet.

– Livet må få lov til å ta slutt på ein verdig måte. Dei skal ikkje ha smerter, og dei skal kjenne omsorg i den siste fasen. Det er ei av dei viktigaste oppgåvene vi har i Røde Kors, seier Astri.

No håpar ho fleire lokalforeiningar vil starte opp.

– Den siste fasen i livet er like viktig å vise omsorg i som alle andre. Eg håpar fleire ser behovet og tek kontakt med kommunen for å få i gang Vaketeneste, seier Astri.

Ho smiler varmt, men alvoret ligg i blikket hennar.

For i Stryn finst det no eit lite, men sterkt fellesskap av frivillige som gir av si tid når livet står på sitt mest sårbare. Og dei minner oss alle på noko heilt grunnleggjande: Ingen skal døy aleine.