Verdien i å møtast fysisk
Når ungdom møtest ansikt til ansikt, skjer det noko som ikkje kan erstattast av skjerm: relasjonar blir sterkare, engasjementet veks og fellesskap blir skapt på ekte.
Nokre kjende kvarandre frå før, og nokre møttest for første gong. Likevel tok det ikkje lang tid før stemninga sat. Latteren steig i taket, nye namn blei lært, og fellesskap vaks fram – nesten av seg sjølv. Det er magien som oppstår når frivillige faktisk møtest.
På Jølstraholmen samla Distriktsråd Ung ungdom frå heile distriktet til Frivilligtreff. Ei helg der både erfarne frivillige og dei som er nysgjerrige på å engasjere seg, fekk ein felles møteplass. Målet er tydeleg: å bygge relasjonar, styrke engasjementet og gi fleire unge ein naturleg plass inn i Røde Kors.
- Målet er å skape eit ungt fellesskap, skape relasjonar og rekruttere nye frivillige, seier Sunniva Fjeldstad Buset, leiar i Distriktsråd Ung.
Ansikt til ansikt slår skjerm
Sjølv om mykje av kvardagen skjer digitalt, viser denne helga kor viktig det er å møtast fysisk. Å vere på same stad, og dele opplevingar i sanntid.
Stereotypien blant dagens ungdom er kanskje at det einaste dei vil er å sjå på ein skjerm, men her stiller Røde Kors-ungdommen seg imot. Det er noko heilt eige med å møtast ansikt til ansikt, påpeiker Sunniva.
- Vi får sjå kvarandre i auga – ikkje berre sitje bak ein skjerm. Her kan vi le saman og bruke ei heil helg på å bli kjende på ulike måtar, seier ho entusiastisk.
Helga var fylt med både fag og fellesskap. Gjennom workshops og erfaringsdeling fekk deltakarane påfyll og nye idear til aktivitetane sine, samtidig som dei utfordra kvarandre på kva unge i lokalmiljøa faktisk treng frå Røde Kors.
Mellom øktene skjedde mykje av det viktigaste: aktivitetar, reel-filming, snacks, samtalar og lange kveldar med prat og latter. Ungdom som hadde ulikt engasjement frå før, som hjelpekorps, RØFF, og omsorg, blanda seg på tvers. Forskjellige bakgrunnar – men same drivkraft.
Ei helg med meining
For mange handlar det om meir enn kurs og program. Det handlar om å vere ein del av eit fellesskap.
– Grunnen til at eg likar å kome på sånne arrangement, er fordi det er kjekt å vere med. Og så er det veldig gøy å møte nye folk, smiler Maria Shaina Bernaldez Dalseth.
Maria var ein del av ein større gjeng frå Eid som deltok på treffet. Ho beskriv seg sjølv som ganske engasjert i Røde Kors, og vil få med seg mest mogeleg.
Når ein deler opplevingar ansikt til ansikt, bygger ein meir enn kompetanse. Ein bygger tillit. Det gjer det lettare å ta kontakt, samarbeide og tørre å ta ansvar når ein kjem heim att – både for seg sjølv og for andre.
Helga på Jølstraholmen handla derfor om meir enn programmet på planen. Ho handla om tilhøyrsle, motivasjon og framtid. Om å gi unge frivillige tryggleiken og driven dei treng for å gjere ein forskjell lokalt.
Sjå film frå samlinga!
Blir du med på neste frivilligtreff?