Desse barna kan redde livet ditt
Det er stille eit lite augeblikk i barnehagen før det kjem eit forsiktig svar frå ein av dei: – Vi må hente ein vaksen.
Desse barna kan redde livet ditt, fordi dei har lært førstehjelp i barnehagen og skulen.
Eit samarbeid du kanskje ikkje visste om
Henry-turnéen er tilbake på vegen i Sogn og Fjordane. Henry er ein bamse som lærer barn om førstehjelp på ein trygg og morosam måte. Med seg har den mjuke bamsen plaster, bandasjar – og sjukepleiarstudentar frå Høgskulen på Vestlandet.
Turneen er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Røde Kors og Høgskulen på Vestlandet si sjukepleierutdanning. Saman med Henry reiser dei frå barnehage til barnehage og innom småskular over heile distriktet for å lære barn heilt grunnleggande førstehjelp.
Det handlar om små ting som fort kan bli store: skrubbsår, naseblod og kutt. Men også meir alvorlege situasjonar som besvimelse eller noko som set seg fast i halsen. Barna lærer kva dei kan gjere dersom nokon treng hjelp. Målet er ikkje at barna skal ta ansvar åleine – men at dei skal tørre å bry seg, hente hjelp og vite kva dei skal gjere først.
Øving gjer meister
Denne dagen er sjukepleiarstudentane Maria Alværen og Ida-Kristin Agledal Strømsøy på besøk i Ålhus barnehage.
Barna sit tett samla rundt dei medan dei viser fram eit bilete av Henry med flis i handa.
– Kva trur de har skjedd med Henry her? spør Ida-Kristin.
Ei lita hand skyt i vêret.
– Han klatra i klatrestativet og så fekk han pigg i handa, svarer eit av barna.
Kort tid etter er barna i full gang med å hjelpe Henry. Nokon prøver forsiktig å ta ut flisa med pinsett, og set plaster på. Seinare øver dei på stabilt sideleie – på Henry, og på kvarandre.
Barna lærer tre enkle steg: spørje det går bra, hente ein vaksen, og hjelpe saman med ein vaksen.
Ein praksisperiode utanom det vanlege
For sjukepleiarstudentane er Henry-turnéen ein heilt annan type praksis enn mange av medstudentane får oppleve. Dei får reise rundt i fylket, møte barn, og jobbe førebyggande.
– Eg valde praksisen i Røde Kors fordi eg har lyst til å jobbe med barn, seier Maria. – Og fordi førstehjelp er så viktig. Eg trur mange barn burde få lære dette tidlegare.
Ved sida av henne nikkar Ida Kristin. Ho fortel at ho valde Røde Kors som praksisplass fordi ho sjølv har vurdert å bli frivillig.
– Eg visste eigentleg ikkje at eg kom til å jobbe med Henry, men det har vore veldig kjekt å lære barn førstehjelp, seier ho.
Å vite at ein kan hjelpe
Henry pakkar tinga sine ned i sekken igjen, og barna vinkar hadet.
Kanskje kjem dei aldri til å måtte bruke det dei lærer. Men no veit dei litt meir om kva dei skal gjere dersom nokon slår seg, blir redde eller treng hjelp. Og kanskje viktigast av alt: Dei veit at dei kan hjelpe.