Dei øver på det dei håpar aldri skal skje
Fem personar er sakna i Dalsfjorden. Langs fjorden gjer Røde Kors seg klare til søk.
Seks personar har vore på kajakktur i Dalsfjorden. Éin har kome seg til land. Kajakkane er funne drivande i sjøen.
Fem personar er framleis sakna.
Langs fjorden står redningsmannskap klare. På sambandet blir det kommunisert. I FAKS (Felles aksjonsstøtteverktøy) blir søksområde fordelte, og folk gjer seg klare til å leite.
Så set vasskuterane fart.
Dei kryssar fjorden på få sekund og forsvinn utover Dalsfjorden. Systematisk søker dei gjennom områda dei har fått tildelt, på leit etter dei sakna kajakkpadlarane.
Men dei fem personane finst ikkje.
Heldigvis.
Rundt 15 personar frå Sunnfjord er samla i Askvoll for å øve på sjøredning.
Når fjorden blir mørk
I KO sit Torbjørn Ryland Steinholm frå Førde Røde Kors og Ragnhild Solheim Tveiten frå Fjaler Røde Kors.
Frå kommandoplassen har dei oversikt over søksområda og kvar mannskapa befinn seg. Via samband held dei kontakten med dei som er ute og leitar.
På fjorden søker vasskuterane systematisk gjennom områda dei har fått tildelt.
Fjorden er roleg denne kvelden. Sikta er god.
Men klokka nærmar seg halv åtte.
Skumringa har begynt å legge seg over fjorden. Lyset forsvinn sakte.
Dette er ei øving, men situasjonen dei trener på, er høgst reell. For dersom ein person faktisk er sakna i sjøen, kan forholda endre seg raskt. Og tida spelar ei viktig rolle.
– Det er alltid behov for fleire
Deltakarane på øvinga har svært ulik erfaring. For nokre er sjøredningsøvingar velkjende. For andre er dette første gong dei deltek.
Nokre har lang erfaring frå hjelpekorpset og mykje kompetanse. Andre er nye i hjelpekorpset og har aldri vore med på ei slik øving før.
Det er med vilje.
Ein omfattande sjøredningsaksjon krev meir enn folk som kan handtere ein båt eller vasskuter. Nokre må ut på sjøen. Andre må søke langs land. Nokon må halde oversikt over søksområde, og koordinere innsatsen.
Alle har si rolle.
– Det er god kompetanse på sjøredning og elveredning i Sogn og Fjordane, men det er alltids behov for fleire med kompetanse, seier Torbjørn.
Dei siste åra har det enkelte stader vore halde færre kurs innan sjøredning. Samstundes ønskjer Torbjørn at fleire skal få kompetansen.
Denne øvinga er derfor ikkje berre ei oppfrisking for dei som allereie kan sjøredning. Ho kan også vere ein inngang for dei som ønskjer å lære meir.
– Viss det er folk som ønsker sjøredningskompetanse, så køyrer vi kurs, seier Torbjørn.
Må vere klare før alarmen går
Det har heldigvis ikkje vore mange reelle sjøredningsaksjonar i området dei siste åra.
Likevel er det nettopp derfor dei øver.
– Det er viktig å øve for å halde seg skjerpa, fortel Torbjørn.
For når ein reell alarm først går, er det ikkje tidspunktet for å finne ut kva ein skal gjere.
Sjøredning skil seg også frå mange aksjonar på land. I sjøen vil ein person eller eit objekt vere i bevegelse. Eit område som allereie er søkt gjennom, vil måtte søkast på nytt, forklarer Torbjørn.
Det stiller andre krav til søket. Mannskapa må kunne tilpasse seg, halde oversikt og vite kva dei skal gjere når forholda endrar seg.
2026 har så langt vore prega av mange drukningsulukker i Noreg. Nettopp derfor er det viktig at redningsmannskapa er skjerpa og klare når alarmen går.
Forhåpentlegvis får dei aldri bruk for det dei øver på.