Regn, hagl og nye bekjentskap
Dårleg vêr stoppa ikkje årets «Til Topps». Gjennom regn, hagl og solgløtt fekk deltakarane oppleve norsk natur – og bli kjende med nye menneske.
På avstand likna dei nesten ei rekke med spøkelse der dei bevega seg oppover stien. Under regnponchoane gjekk menneske frå ulike delar av verda, på veg mot den same toppen.
Praten gjekk alt frå første steg. Nokre kjende kvarandre frå før, andre møttest for første gong. Undervegs oppstod nye samtalar, latter og nye bekjentskap.
Frå Ukraina til Fagreggi
For om lag eitt år sidan kom 29-åringen Marharyta frå Ukraina til Noreg. No bur ho i Stryn, der ho har blitt glad i å gå tur i fjellet.
– Eg likar å gå til dagsturhytta, seier ho og smiler.
Denne gongen ønskte ho å oppleve korleis det er å gå på tur saman med ei gruppe. Undervegs blei ho kjend med fleire av dei andre deltakarane. Nokre hadde ho møtt før, medan andre var heilt nye.
Sjølv om regnet følgde gruppa store delar av turen, synest ho ikkje turen til Fagreggi var spesielt tung. Ho var litt overraska over at turen ikkje vart avlyst på grunn av regnet, men med gode klede gjekk turen heilt fint. Etterpå sette ho stor pris på dei varme burgarane som venta.
Den norske sommaren viste seg fram
Etter kvart letta skydekket, og sola braut gjennom i glimt. Men den norske sommaren viste seg raskt frå ei anna side. På veg ned att frå Fagreggi kom ei kraftig regnbyge med hagl og vind.
Stien blei glatt etter haglbyga, men gruppa tok seg fram i lag. Når nokon stoppa framfor eit glatt parti eller ein bekk, kom det raskt ei utstrekt hand. Ingen hasta vidare åleine.
Varme burgarar i regnet
Regnet kom tilbake akkurat idet burgerane var klare. Nokre søkte ly innandørs, andre blei sitjande ute under paraplyar. Praten heldt fram, og latteren sat laust.
Då bussen rulla frå parkeringsplassen seinare på ettermiddagen, var mange våte på beina. Men dei reiste heim med noko meir enn ein fjelltur bak seg. For fleire gav dagen nye bekjentskap og eit møte med både norsk natur – og vestlandssommaren.