Håp og løysingar for unge som slit

Det finst håp for alle dei unge som slit med psykiske vanskar. På konferansen Smerta ein ikkje ser, fekk både dei som treng hjelp, og dei som skal hjelpe, gode råd.

– Kva er eigentleg problemet? spurde leiar i Røde Kors Ungdom, Jon Atle Rise, dei om lag 300 frammøtte i Sogndal kulturhus. Så la han fram statistikk frå ungdata.no om nokon av problema unge slit med i trivselsfylket. 

  • 11 prosent av ungdomsskuleelevane i fylket er plaga av depressive symptom.
  • 17 prosent kjenner seg einsame.
  • 9 prosent seier at dei ikkje har ein nær ven dei kan stole på.
  • 8 prosent seier at dei vert mobba.
  • 14 personar tok sjølvmord i fylket i 2016, truleg prøvde tidobbelt så mange (fhi.no).
  • 1600 ungar veks opp i familiar med varig låg inntekt (bufdir.no).

– Det heiter seg at ein god oppvekst varer livet ut. Kva med desse som eg nemner her? Skal dei ikkje ha ein god oppvekst? Vi må handle raskt og rett, for å sikre at alle kan få ein god barndom og eit godt liv, sa Rise, før han gav ordet til Inge Nordhaug ved Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS).

2018-11-13 smerta ein ikkje ser-86
Takk til Dans utan grenser - Sogndal, som skildra vanskar unge kan ha gjennom dans.

Kva er bak maska?

Nordhaug snakka om kva vi ser og gjer i møte med unge som slit, kva som er bak maska. Han minna om at ingen får til dette livet perfekt. Alle har ei psykisk helse, og jobbar med å handtere tankar og kjensler rundt det som skjer, åtferd og kropp. Psykisk uhelse handlar om vanskar med å handtere dette.

– Tankearbeidet kan ofte vere vår fiende. Ein viktig kunnskap er at de ikkje er lik tankane dykkar. Prøv å ta eit steg til side, sjå på tankane og spør: kva er det eg tenkjer no, tru? Veldig mange finn god hjelp i den måten å tenke på rundt tankekøyret, så tankekøyret ikkje blir farleg, forklarte han.

Kva seier dei unge sjølv? I over ti år har Forandringsfabrikken henta inn kunnskap frå barn om korleis hjelpesystem og skular vert opplevd for dei. Over 7000 barn er spurt, og deira svart vert summert som kunnskap frå barn. Nokon av desse vert såkalla proffar. Ein proff er ein som har erfaring frå hjelpesystema, som på det grunnlaget deler erfaringar og gjev råd.

Helseminister for ein dag

– Eg vart spurt om kva som var bra og kva som burde endrast på, store spørsmål, som kva eg ville gjort viss eg var helseminister for ein dag. Forandringsfabrikken såg på meg som ein rådgjevar, ein ressurs. Vi treng kunnskap frå fagfolk og forsking, men det er veldig tynt med kunnskap frå barn og unge. Det treng vi for å lage gode tenester, seier Julie, som er ein av proffane ved Forandringsfabrikken.

2018-11-13 smerta ein ikkje ser_sony-8
Julie er proff ved Forandringsfabrikken, og er opptatt av at folk i hjelpeapparatet må møte dei som treng hjelp med hjartet.

–  Svara våre vert brukt i utviklingsarbeid, til dømes korleis BUP skal vere i Norge. Det er sterkt å samarbeide med fagfolk, at dei tek vår kunnskap på alvor. Det er heilt sykt, kven skulle tru at ungdom sit og jobbar med å få endre lova? spør ho, legg ikkje skjul på at ho har fått eit nytt syn på seg sjølv, frå å vere ein med ei diagnose, til å vere ein som har kunnskap.

Eg vil bli med i Røde Kors!

Kunnskap frå barn

Saman med fire andre ungdomar som har erfaring frå barnevern, psykisk helsevern eller andre hjelpesystem, gjekk ho framfor publikum på scena i Sogndal og snakka om sine erfaringar, og gav råd til korleis ein kan møte og hjelpe unge som slit.

Ungdomane hadde ulik bakgrunn og ulike møter med hjelpeapparata, men alle var opptatt av at personar som hadde møt dei som medmenneske, som hadde vågd å spørje dei korleis dei eigentleg har det, som hadde gitt uttrykk for at dei brydde seg, det var dei som gjorde ein forskjell.

2018-11-13 smerta ein ikkje ser-133
Forandringsfabrikken vart takka av til ståande applaus frå salen.

Nokon av hovudsvara frå proffane dreier seg om at:

  • Det er viktig å bli møtt som medmenneske, ikkje som ei diagnose.
  • Det er viktig å bli møtt med kjærleik, med hjartet.
  • Anerkjenn barn sine kjensler, sjølv om dei er store og uforståelege.
  • Vaksne må vere modige og stille dei vanskelege spørsmåla, ikkje gje opp.
  • Openheit og audmjukheit er viktig for tillit.
  • Samarbeid og medverknad er skaper tryggleik. 
2018-11-13 smerta ein ikkje ser-100
Takk til ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll, som opna konferansen for oss. Han fortalde at temaet er høgt på dagsorden hjå politikarane i Sogn.

 

Ta kontakt med Sogn og Fjordane Røde Kors!