Ut på ski. Vis bildetekst
Selamawit Abrha Beyene er svært glad for at ungane får lære å gå på ski på Ferie for alle.

Når løna ikkje strekk til

Gjestene på “Ferie for alle” har det til felles at dei ikkje har råd til ting og aktivitetar som folk flest tek for gitt.

Det sluddar og blæs på skistadion på Nordfjord fritidssenter, men sletta er full av ungar som skrik og ler. Slik ungar gjer når dei har det kjekt. Mange av dei har ski på beina for første gong. “Haien kjem” på ski, er eigentleg veldig gøy.

Dei er på Ferie for alle med Sogn og Fjordane Røde Kors. Gratis aktivitets-ferie i fire dagar. Deltakarane som har fått tilbodet er familiar med svak økonomi. Det er kommunale tenester som kjenner familiane, som har valt ut familiar dei meiner har størst behov. 

Naturlegvis er det ikkje alle som ønskjer å snakke om situasjonen sin i offentlegheita, men vi fekk ta ein prat med tre av mødrene. Alle er åleineforsørgarar med flyktningbakgrunn frå Eritrea.  

Inntekta strekk ikkje til  

– Når bustad, mat og kle er betalt, så er det ikkje pengar att, seier Haregu Gebeyhu.  

Ho har tre barn, og jobbar som helsefagarbeidar.  

– Ungane mine ønskjer jo å delta på aktivitetar slik som venene sine, men eg kan ikkje betale så mykje. Så det blir vanskeleg for dei å delta i aktivitet som kostar pengar eller kjøpe idrettsutstyr. Desse dagane med Røde Kors er vi sært takksame for, seier ho.  

Skiopplæring
Det å gjere noko anna saman med familie og andre er kjekt. Her får Haregu Gebeyhu skiopplæring av sonen sin.

Selamawit Abrha Beyene er i same situasjon. Ho er åleineforsørgjar for fire barn, og jobbar 80 prosent som helsefagarbeider.  

– Eg ønskjer å klare meg sjølv, vere uavhengig av hjelp frå Nav. Det går viss eg planlegg godt og føl budsjettet, seier ho.  

Eg vil vite meir om tilbodet!

Einaste feriemogelegheit 

Ho prøver også å prioritere å la ungane vere med på aktivitetar. Eldste sonen gjer det bra i handball, og spelar på herrelaget i bygda dei bur. Beyene seier at ungane er flinke, at ho prøver så langt ho kan å støtte dei. I fjor fekk dei eit aktivitetskort av Røde Kors til ein gratis aktivitet for kvart barn. Det hjelper mykje.  

– Dette vinterferietilbodet er viktig for oss. Vi frå Eritrea kan jo ikkje lære ungane våre å gå på ski, så for ungane vert det vanskeleg å vere med på skidagar på skulen. Då vil dei ikkje på skulen, for dei er ikkje like flinke som dei andre. Her får dei lære å gå på ski, så dei kan føle seg litt meir som dei andre ungane, seier ho.  

Varmar seg på bål i bålpanne
Yardonos Habtemariam er glad for å få eit avbrekk saman med ungane.

Yardonos Habtemariam er reinhaldsarbeidar i kommunen, og forsørgjer seg sjølv og tre barn på den inntekta. Ho fortel også at løna hennar berre rekk til det heilt grunnleggande som bustad, mat og kle.   

Dette tilbodet som Røde Kors gir oss, er einaste mogelegheita vi har til å dra på ferie. Eg er svært glad for den mogelegheita, seier ho. 

Over 100.000 barn 

Dei siste tala frå Statistisk sentralbyra, syner at det er over 100.000 barn i Norge som lever i familiar som har svært dårleg økonomi over fleire år. Ofte er dette familiar med berre ein forsørgjar eller utan tilknyting til arbeidslivet. Andel innvadrarfamiliar er høg, samanlikna med befolkninga elles. 

– Det er viktig å komme seg litt vekk frå kvardagslivet, gjere noko anna saman med andre. Og det er kjekt å øve seg å gå på ski, og oppleve meistring. Det er viktig for å kjenne seg litt meir som befolkninga elles. Dette gjeld både dei med innvandrar bakgrunn og andre, seier frivillig leirsjef Berit Flæthe Arntsen. Ho har vore med sidan vinterferietilbodet starta for elleve sidan.  

Dei kosar seg og har det moro. Dei skryt og er glad for at dei får vere her, dei som er valt ut til å få komme, seier ho. 

Jan er frivillig
Jan W. Sande er frivillig på vinterferie for alle for andre år på rad. Jobben er mellom anna å skape god stemning.

Jobbar for god stemning 

Ho har med seg staben på Nordfjord fritidssenter og eit knippe frivillige ferievertar frå Røde Kors. 

– Vi skal passe på at dei har det kjekt. Hjelpe dei som treng litt hjelp, passe på at dei har på hjelm når dei akar. Generelt prøve å lage god stemning og hjelpe til med det praktiske. Vi lagar til frukost og middag, ryddar og ordnar. Vi spelar spel, arrangerer bingo og prøve å halde aktivitetsnivået oppe, seier frivillig Jan W. Sande, som tykkjer det er kjekt å sjå at ungane trivst og får gode minner. 

Eg vil bli frivillig i Røde Kors!

Også Bashar frå Syria er med som frivillig, for tredje gong i år. 

– Eg likar å hjelpe andre. Når eg ser dei andre blir glade, får eg ei god kjensle. Og så likar eg å vere sosial. Det hjelper jo også meg å vere med, eg får språktrening, integrere meg, bli kjent med nye folk og sånn.  Eg kom heilt åleine til Norge, så det er veldig kjekt å vere her å få hjelpe andre som kan ha det vanskeleg, seier han.