Kathrine Mjåseth spelar sjuk på førstehjelpskurs i Askvoll. Vis bildetekst
Kathrine Mjåseth spelar sjuk på førstehjelpskurs i Askvoll. Foto: Henning A. Hellebust.

– Krevjande, men godt å ha i bagasjen

Kathrine Mjåseth ligg på golvet og vrir seg i «smerte». Tre kollegaer prøver å hjelpe. Vi er på førstehjepskurs i Askvoll Røde Kors. Målet til deltakarane? Starte opp hjelpekorps i kommunen.

Av og til skjer det. Du kjem over nokon med ei alvorleg skade, pustestopp eller store smerter. Kva har skjedd og korleis kan du hjelpe? Ei heil mengd med slike scenario skal dei igjennom, dei som vil bli frivillige i Hjelpekorpset.

– Korleis går det med deg, har du vondt?
– Eg har så vondt i magen, det byrja heilt plutseleg, og no vert det berre sterkare, stønnar Mjåseth.

Dei andre tre kursdeltakarane prøver å undersøke ho, stiller spørsmål om kva som kan ha skjedd, om medisinbruk og andre faktorar for å eliminere og finne ut kva som er best å gjere. Dei ringer 113, ambulansen er på veg. I mellomtida må dei ta seg av pasienten.

2021-06-13_08-54-29_kfør_Askvoll
Ein "person" er påkøyrd i ei trafikkulykke. Kursdeltakarane øver på hjarte-lungeredning og bruk av hjartestartar.

Ut av komfortsona

– Det kan vere litt ubehageleg med desse øvingane, ein går ut av komfortsona. Etter kvart vert ein meir budd og veit meir kva ein skal gjere. Det er ganske krevjande, men veldig godt å ha med seg i bagasjen, seier Mjåseth.

Ein annan som ønskjer seg grundig førstehjelpsopplæring, er Aleksander Ask.

– Vi har lært oss å bruke hjartestartar. Det har eg aldri vore borti før. Det er veldig interessant, enklare enn eg trudde, faktisk. Hjarte-lungeredning har eg lært før, men det får ein aldri nok av. Vi har lært mykje om korleis handle i ulike scenario, også med banr involvert. Ein veit jo aldri kva ein kjem borti, seier Ask.

2021-06-13_09-32-48_kfør_Askvoll
Aleksander Ask spelar ein som får hjarteproblem.

Vil starte hjelpekorps i Askvoll

Saman med 22 andre er dei snart ferdig på førstehjelpskurset dei treng for å bli frivillig i Røde Kors Hjelpekorps. Kurset har gått over to intensive helger med teori og øvingar. Store tema er korleis utføre hjarte-lunge-redning, korleis handtere sår-, brot- og fallskader og korleis hjelpe når nokon vert akutt sjuke. 

Det er eit halvt år sidan dei meldte seg inn i Askvoll Røde Kors for å bli hjelpekorpsar. Det var ei tragisk drukningsulykke i heimbygda som utløyste ønsket om å bli med. Då ein mann vart sakna på sjøen, måtte Hjelpekorps frå andre kommunar komme til Askvoll og organisere den frivillige innsatsen. Då var det mange som innsåg at også deira kommune burde ha eit Hjelpekorps.

Eg vil vite meir om hjelpekorpset!

Over 40 personar stilte opp på det første informasjonsmøtet. Sidan den tid har lokalforeininga med leiar Vigdis Løberg og nestleiar Ingunn Nessen i spissen, jobba intensivt for å etablere eit hjelpekorps som ein del av Askvoll Røde Kors.

– Det har gått ganske radig. Introduksjonskurs, sambandskurs og no førstehjelpskurs i løpet av eit halvt år. Eg håpar at vi kan få på plass det siste kurset, i søk og redning, så vi får hjelpekorpset opp og gå ganske kjapt. Vi må ha noko å stille sterkt opp med dersom alvorlege hendingar skulle skje her i Askvoll igjen, seier Mjåseth.

Gjer seg klar til test

– Målet mitt er å kunne utgjere ein forskjell, seier Aleksander Ask, her under siste terping før førstehjelpsprøven.
– Målet mitt er å kunne utgjere ein forskjell, seier Aleksander Ask, her under siste terping før førstehjelpsprøven.

Nett no driv dei og terpar på det dei har lært. Teoriprøva er fullført og bestått, snart er det den praktiske prøva. Tre tilfeldig uttrekte scenario du kjem inn i, og etter beste evne skal løyse som førstehjelpar.

– Eg kjenner at eg gruer meg litt til den, men eg satsar på å halde hovudet kaldt, avsluttar ho.

PS - alle kursdeltakarane gjennomførte hjelpekorpsprøva med glans! Askvoll Røde Kors er eitt steg nærare å etablere eit hjelpekorps!