Askvoll sentrumshamn Vis bildetekst
Askvoll sentrumshamn. Foto: Johnny Søreide

Askvoll Røde Kors

Askvoll Røde Kors driv omsorgs-, rednings- og beredskapsarbeid for å hjelpe, trygge og støtte i lokalsamfunnet. Bli frivillig, så gjer vi Askvoll varmare og tryggare - saman.

Adresse
6980 ASKVOLL
Telefon
90730006
E-post
vigdis@nordei.de
Nestleder
Ingunn Nessen
Leder
Vigdis Løberg

Røde Kors har som føremål å avdekkje, hindre og lindre naud.

I Askvoll Røde Kors arbeider vi mot dette målet lokalt, gjennom beredskap og ved å gje eit tilbod om sosial kontakt og medmenneskeleg støtte til dei som treng det. Vil du vite meir om kva det inneber i praksis? Les om aktiviteten «Besøksvenn» i menyen under, eller sjå artiklane om "Varme gåver fra Askvoll Røde Kors" og "Rørande sommarfest" på Askvollheimen, som døme på noko av det vi driv med.

Sidan hausten 2020 har vi jobba med etableringa av eit operativt hjelpekorps i Askvoll, og det er med stoltheit vi kan melde at Askvoll Røde Kors no har inngått ein beredskapsavtale med Askvoll Kommune, der det nye hjelpekorpset vårt spelar ein sentral rolle. Hjelpekorpset har alt vore med på tre aksjonar i nærområdet og arrangerer jamnleg korpskveldar, der det mellom anna øvast på samband, førstehjelp og søk og redning. Dessutan er dei i ferd med å oppdatere alt utstyr og materiell. Dei samarbeider med kommunen om nytt depot og alle hjelpekorpsarane vil ha kontinuerleg tilbod om kurs.

For meir informasjon om Askvoll Røde Kors er du hjarteleg velkommen til å besøke Facebook-sida vår.

Som frivilleg kan du delta aktivt i Røde Kors sitt arbeid, og føle på gleda ved å hjelpe andre. Ikkje tid, seier du? Kva med eit medlemskap? Som medlem gjer du arbeidet vårt mogleg gjennom di støtte. Eit ordinært medlemskap kostar 300 kroner pr. år, eller 150 kroner for deg som er under 26 år.

Våre aktivitetar.