Jølster Røde Kors besøksteneste arrangerer trekkspelkonsert ved omsorgsbustadane

– Levde meg tilbake til ungdomstida!

Etter to og ein halv månad med isolasjon, fekk endeleg Johanna Kvammen og bebuarane ved Vassenden omsorgssenter møte folk att. Røde Kors inviterte på trekkspel-konsert med gamle slagerar.

Då er de hjarteleg velkomne til denne minikonserten. Det er kjekt å komme i hop, sjå kvarandre att, synge litt, kanskje prate med nokon ein ikkje har sett på lenge på litt avstand – som det heiter no for tida, seier Kjellaug Grimsbø i Jølster Røde Kors Omsorg. 

Trekkspelarane dreg i gong den eine slageren etter den andre ute i den svale forsommarbrisen. Mange av bebuarane har samla seg på tunet til det første sosiale arrangementet sidan koronaen sette ein stoppar for slikt i mars. 

Portrett av Johanna Kvammen (95)
Johanna Kvammen er svært glad i trekkspelmusikk, og levde seg inn i gamle slagerar.

No har det vore stilt lenge, så dette var storarta. Eg må seie eg fekk leve meg tilbake i mi ungdomstid, desse slåttane han spelte. Eg gløymer ikkje “En sjömann älsker havets våg”. Det var den siste dei spelte når det var slutt for kvelden på dansekveldane før i tida. Eg levde opp att den tida og dei dansane, det var moro, seier Johanna Kvammen. 

Tunge tider

Kjellaug Grimsbø fortel at isolasjonen nok har vore krevjande for mange. Besøk har dei berre kunne tatt imot utandørs, så det har avgrensa seg sjølv. Dei digitale løysingane har vore omstendeleg å organisere.  

– Det at ingen kan komme til deg, sitte i ein stol og snakke, trur eg det er mange her som saknar. Det er sjølvsagt forskjellig, men somme har nok tykt det var tungt, og blitt litt deprimerte. Vi får håpe det går over no, seier ho.  

Livskvalitet 

Avdelingsleiaren for omsorgssenteret, Irene Svarstad, er også glad for tilbodet.  

– Det er eit kjempeflott tiltak! Det er kjekt og gjev gnist og livskvalitet når det skjer noko rundt deg, seier ho. 

Nokon andre som er glade for å høyre litt god, gammal dansemusikk, er Inger og Per Hågensen.  

Dette koronagreiene har øydelagt mykje for samvær med vener og familie. Vi har ikkje hatt så mykje kontakt med andre, berre sett ut av vindauget, seier Inger Hågensen, som har budd på senteret saman med mannen i eitt årHo håpar på fleire slike arrangement, både for musikken sin del, og så ein får høve til å møtast og halde kontakten med kvarandre.  

Vil du bli frivillig?

Kunne du tenkje deg stille opp for nokon som treng sosialt fellesskap? Røde Kors har besøksteneste i dei fleste kommunar i Sogn og Fjordane.

Bli besøksvenn!

Frivillige i Røde Kors får opplæring, har teieplikt, og følgjer Røde Kors sine internasjonale prinsipp og retningslinjer for humanitær innsats.

Du kan også hjelpe Røde Kors og hjelpe i ditt lokalsamfunn, ved å bli medlem. Kontingenten på 300 kroner går til arbeid med barn og unge, einsame eldre, redningsaksjonar og som støtteaktør for styresmaktene i kriser.

Eg vil bli medlem!