Marte Heggestad frå Hafslo Røde Kors Hjelpekorps, har vore på ungdomsutveksling i Georgia. Foto: Henning A. Hellebust/Sogn og Fjordane Røde Kors. Vis bildetekst
Marte Heggestad frå Hafslo Røde Kors Hjelpekorps, har vore på ungdomsutveksling i Georgia.

Oppglødd etter Georgia-utveksling

Marte Heggestad (18) frå Hafslo har henta inspirasjon og kunnskap til å sette i gong med aktivitet for unge som fell utanfor.

I den vesle Georgiske fjellandsbyen Gudauri, har Marte Heggestad vore på utveksling saman med 29 andre ungdomar frå Norge og Georgia. Dei har vore saman i fire dagar for å bli dyktige på sosial inkludering 

Milad Dean frå Jølster deltok
Milad Dean (i raudt til høgre) frå Førde Røde Kors Ungdom var den andre frå Sogn og Fjordane som deltok. 13 ungdomar kom frå Sør-Trøndelag Røde Kors, medan 15 frå Georgia Røde Kors deltok.

– Vi jobba mykje med kva ein sjølv kan gjere for å bli bevisst rundt det å inkludere folk. Vi såg på kva som kan føre til mobbing og utestenging, som hudfarge, legning og religion, seier ho. 

Les meir om vårt Georgia-samarbeid

Denne gongen var det Sør-Trøndelag Røde Kors som inviterte med på utvekslinga - til liks med Sogn og Fjordane, har dei eit samarbeid med lokalforeiningar i Georgia Røde Kors. Dette er ein del av EU sitt Erasmus+-program, og  heiter “Ungdom mot sosial ekskludering”. Utvekslinga skal gje frivillige i Røde Kors eit godt grunnlag for å jobbe med unge, og spesielt styrke inkludering av personar eller grupper som fell utanfor.      

Inkluderande undervising og drøfting
Inkluderande undervising og drøfting.

Arbeidet gjekk føre seg i verkstader, med forelesingar og rollespel. Samtidig arrangerte dei kulturkveldar der dei til dømes lærte songar og dansar til kvarandre. 

– Deltakarane var veldig opne, snille og lærevillige, seier Heggestad, som gjev uttrykk for at ho set stor pris på at ho fekk denne mogelegheita til å treffe nye folk, sjå eit nytt land og utvikle seg.    

Det utvikla seg godt samhald og godt lagarbeid i løpet av utvekslinga.
Det utvikla seg godt samhald og godt lagarbeid i løpet av utvekslinga.

– Eg har lært mykje om meg sjølv, korleis handtere ting og oppføre meg ovanfor andre. No veit eg mykje meir om korleis ein kan inkludere folk som er utanfor, seier ho. 

No er planen å formidle noko av det ho lærte på turen, til Røde Kors her i fylket. Både Røde Kors Ungdom, hjelpekorpset i Hafslo og Internasjonalt utval, har bedt om ein presentasjon.  

– Eg har jo fått ein ide om å starte opp med ein aktivitet for barn og unge som fell utanfor, som til dømes flyktningar, seier ho.  

 Kontakt Sogn og Fjordane Røde Kors

Informasjon frå Facebook-sida til prosjektet

From the 18th to the 22th of November, 30 voluntary youth workers form Sør-Trøndelag Røde Kors and Georgia Red Cross Society will get together in Gudauri, Georgia, for a youth exchange funded by the Erasmus+ programme of the European union. The topic for the exchange is “Social inclusion” and the participants will get to explore this topic through different workshops, presentations, discussions, games and reflections. 

The participants are to acquire attitudes and skills regarding this theme, both through personal reflection, individually and in groups, as well as through social activities. Tolerance and respect, both towards peers and on individual level. Learning to actually include others, in an organized and unorganized manner, through implementing activities and places for youth to meet is the next step. 

The goal of this exchange is that the youth will be more aware of and understanding the role and responsability as youthworkers and give them a perspective on inclusion. They will train their intercultural communication skills and intercultural understanding, and will get social and cultural competence on how to include others. 

We hope that each participant will take with them, back home to their community and local enviroment, some new ideas for including others, awarness on their own responsibility for them selfs and others and many good memories from a great week with many new friends!