Besøksven Liv Åbrekk Glasø har med seg Tora Gjelsvik ut på Opplevingar saman, ein aktivitet ved Førde Besøksteneste.  Foto: Henning A. Hellebust /Sogn og Fjordane Røde Kors. Vis bildetekst
Besøksven Liv Åbrekk Glasø har med seg Tora Gjelsvik ut på Opplevingar saman, ein aktivitet ved Førde Besøksteneste. Her er besøker dei pepkarkakebygda ved Sunnfjord Museum.

Inviterer på opplevingar saman

Ein gong i månaden inviterer Besøkstenesta i Førde Røde Kors til opplevingar i lokalmiljøet.

Ute er det sidelengs desemberregn, men inne i Halbrendshuset på Sunnfjord museum er det kveikt stearinlys. Det luktar gløgg og peparkaker. Alt er klart for ei hyggestund.

– Hei! Så kjekt å sjå deg, smiler besøksven Helga Sofie Bolstad.

Ho legg hendene på skuldrene til Margrethe Selås, ein av gjestene, og gjev ho ein varm gjensynsklem.

Denne torsdagen inviterer besøkstenesta i Førde Røde Kors til felles opplevingar i ei gamal tømmerstove i Sunnfjord sitt eige historiske museum. Det strie regnet har nok lagt ein dempar på oppmøtet, men besøksvenene er klar for dei som har tort seg ut.

Eg vil bli besøksven!

Juletradisjonar frå 1800-talet og fram til vår tid står på programmet. Formidlar Nina Renate Brendsdal tek oss igjennom kjelder som fortel om opphavet til dei ulike tradisjonane.

diskuterer julepynt
Formidlar Nina Brendsal ved Sunnfjord Museum syner fram gamal juletrepynt.

– Eg hadde ikkje så lyst ut i ruskevêret i dag, men dei kom to stykkje og henta meg på heimen, no er det kjekt å vere her, seier Tora Gjelsvik (102).

– Vi inviterer folk som har litt vanskeleg med å komme seg ut sjølv, med på opplevingar i nærmiljøet. I tillegg til museet her i Movika, har vi vore på kunstmuseet, teateret og kyrkja. Dette skal få tankane i kvardagen over frå dette å sitte heime, at ein kanskje kjenner seg litt einsam, litt skral, då får ein ei oppleving ein kan ta med seg, seier Eva Marie Halvorsen, som er leiar i besøkstenesta.

Eva Marie Halvorsen er leiar i Førde Røde Kors Besøksteneste.
Eva Marie Halvorsen er leiar i Førde Røde Kors Besøksteneste.

“Opplevingar saman” er ein av fleire aktivitetar besøkstenesta i Førde Røde Kors har for å gjere kvardagen for andre litt betre. Til dømes steiker dei sveler til bebuarane på Førde helsetun kvar tysdag, for å gje litt variasjon i kosten og kvardsgshygge. Dei arrangerer sosiale samankomstar i samband med omsorgsbustader i Kyrkjevegen. I tillegg til at mange besøker enkeltpersonar som treng nokon å prate med.

Støtt arbeidet - bli medlem!

Dei flese lokalforeiningane i Røde Kors i Sogn og Fjordane har besøksteneste. Ta kontakt med ditt lokale Røde Kors om du ønskjer å bli besøksven, om du kunne tenke deg nokon å prate med, eller berre vil finne ut kva tilbodet er i ditt nærmiljø.