Lukas og Andrine driv dei hjarte-lunge-redning på Henry med Birthe Borlaug i Sogndal Røde Kors Hjelpekorps som rettleiar. Foto: Håvard Nesbø Vis bildetekst
Lukas og Andrine driv dei hjarte-lunge-redning på Henry med Birthe Borlaug i Sogndal Røde Kors Hjelpekorps som rettleiar. Foto: Håvard Nesbø.

Ungane får øve seg på redning

I Sogndal får dei minste ungane prøvd seg med både skredsøkar og førstehjelp i alpinbakken.

Lenger enn operativ leiar Eivind S. Torstad kan hugse, har Sogndal Røde Kors Hjelpekorps vore til stades ved Sogndal skisenter Hodlekve. Kvar søndag skisesongen igjennom, er 8-10 hjelpekorpsarar i beredskap i og ved løypene.

Kultur for tryggleik

Samtidig passar dei på at ungane som er der, får med seg kunnskap om å hjelpe kvarandre frå tidleg alder. Førre helg hadde dei aktivitetsdag, der «skredsøking» var ein del av programmet.

Støtt Røde Kors der du bur - bli medlem!

– Vi let ungane prøve å bruke sendar mottakar (SM). Her har vi festa ein SM på førstehjelpsdukka Henry, og så har vi greve han ned i snøen. Så får ungane ein søkar for å finne han og grave han oppatt, seier Torstad.

Mekka for fjellfolk

Sogndalsdalen har alltid vore ein utfartsstad for fjellfolk og skifolk. Hjelpekorpset bygde hytte der før skisenteret kom i 1979. Sidan har det vore ein dugnad å syte for tryggleiken i området.

Sogndal skisenter Hodlekve
Sogndal Røde Kors Hjelpekorps driv dugnad i Hodlekve. Foto: Håvard Nesbø

– Vi er tre vaktlag på 14 personar som rullerer kvar søndag. Vi er der frå klokka ti til 16, seier han.

Dei sender folk ut i den kvista fjell-løypa for å sjekke forholda og kvisting, dei sender folk ut på ski med Røde Kors-vestar, klargjer pulk og anna utstyr, vedlikeheld snøskuter og mykje meir.

Kontakt Sogndal Røde Kors

Får øvd mykje

– Vi er alltid tilgjengeleg til å rykke ut dersom det skjer ei ulykke, men medan vi er i beredskap, så øver vi på typiske hendingar. Det er alt frå å knyte trekanttørkle, spjelke, flytting av pasient, og ikkje minst pasientkontakt, seier han.

Skuter i Hodlekve
Det er kjekt å få prøvetu med skuteren til hjelpekorpset. Foto: Håvard Nesbø.

Hjelpekorpset får ikkje økonomisk kompensasjon for innsatsen. Dette har blitt ein dugnadstradisjon, ein institusjon – som svært mange ønskjer å ta del i.

– Utbytet er stort for oss. Vi får øvd oss og terpa på ting, og spesielt dei som ikkje er ferdig med grunnopplæringa, blir godt kjent med rutinane, og får tilpassa oppgåver. Ikkje minst så gjev dette eit godt sosialt samhald i hjelpekorpset, seier Torstad.