Nils Asbjørn Lie frå Flåm AS har sponsa båra med 25.000 kroner. Her saman med korpsleiar Steinar Grønsberg. Vis bildetekst
Korpsleiar Steinar Grønsberg i Aurland Røde Kors, syner fram båra frå Cascade Rescue til sponsor Nils Asbjørn Lie frå Flåm AS.

Rullande vedunder

Aurland Røde Kors Hjelpekorps har mange krevjande henteoppdrag i fjellet. No har dei fått seg reiskap som skal lette arbeidet.

Fotturistar elskar Aurlandsdalen, ein dagstur gjennom indrefileten av norsk natur. Men av og til er folk uheldige og vert skadde eller sjuke, og klarar ikkje å gå ut att sjølv. Når luftambulansen ikkje kan hjelpe, er det som oftast hjelpekorpset i Aurland som trår til.

Støtt hjelpekorpset der du bur - bli medlem!

– Me har gjennom åra utført bæreoppdrag både der og andre stader, der det er tungt og krevjande for mannskapa. No håpar me at dette skal verte lettare og ikkje minst sikrare for folka våre å utføre slike oppdrag, seier Stian Loven, leiar i Aurland Røde Kors.

Båre frå Cascade rescue

Båra med ekstrautstyr kostar 60.000 kroner. Denne veka var det difor ekstra kjekt  å få besøk av Nils Asbjørn Lie frå Flåm AS, som hadde med seg ei gåve på 25.000 kroner til finansiering av redningsbåra.

– Me vil takke Flåm AS for støtta som er ein av mange gode støttespelarar me har i bygda!

Båra vil hjelpe dei på plassar der det er sti og moglegheit for å bruke hjulet til å avlaste vekta til pasienten for dei som utfører transporten. Dersom det er bratte forhold er det brems på hjulet som kan betenast frå bærehandtaka. Når dei er på veg til oppdrag kan båra delast opp i mindre deler slik at den er lett å frakte med seg ved å fordele vekta på fleire personar.

Kontakt Aurland Røde Kors!

Samtidig er det strenge krav for å sikre tryggleiken til den som vert frakta.

– Båra er og godkjent som løfteredskap og kan hengast under helikopter. For å oppretthalde godkjenninga må den sertifiserast kvart år av firma som kan gjere dette, seier Loven.