Røde Kors på oppdrag Vis bildetekst
Aurland Røde Kors på oppdrag.

Aurland Røde Kors

Våre frivillige driv omsorgsaktivitetar og rednings- og beredskapsarbeid for å avdekkje, hindre og lindre naud i lokalsamfunnet. Med di hjelp kan me nå endå fleire.

Adresse
Onstadvegen 38, 5745 AURLAND
Telefon
95830053
E-post
aurland@rodekors.org
Nestleder
Christine Vesterheim
Leder
Agnar Aas
Aurland HJK (2)
Korpskveld med øving: På leit etter skadd person. Foto: Aurland Røde Kors.

Aurland Røde Kors har som mål å gjere lokalsamfunnet tryggare og betre - for alle. Vil du vite meir om kva vi driv med i det daglege? Sjå i aktivitetsmenyen under, eller besøk vår Facebook-side.

Har du tankar om behov som står udekt i Aurland, og idéar om korleis problemet kan løysast? Vil du gje deg i kast med den beste hobbyen i verda, og møte fantastiske menneske på vegen? Bli frivillig i Aurland Røde Kors, og føl på gleda ved å hjelpe andre.

Loddsalg (3)
Loddsalg er ein kilde til inntekt. Ditt medlemskap er ein annan. Foto: Aurland Røde Kors.

Eller kanskje du vil bli medlem og gjere arbeidet vårt mogleg gjennom di støtte? Eit ordinært medlemskap kostar berre 300 kroner pr. år, men utgjer eit hav av forskjell for oss.

Våre aktivitetar.