Vinterferie for alle 2018

Nye vener, utruleg høge fjell, ein meter med snø, bratta akebakkar og skitur med familien. – Vinterferie for alle er veldig gøy, oppsumerar Alan.

 – Vi to vart jo vener med ein gong vi kom. Det var gøy, seier Alan til Einar.  
– Ja, det var det, svarar Einar.
Dei to har prata, spelt, stått på ski og hengt saman sidan dei kom på Vinterferie for alle for eit par dagar sidan. No går dei natursti saman med fedrane sine.
– Kven som blir den neste kongen i Norge?
– Kong Harald er no, er han ikkje?
– Jau, den neste kongen vert Kong Håkon.  

ffa-v_IMG_1240_1000
Alan (t.v) og Einar diskuterer spørsmål på naturstien. I bakgrunnen Alan sin pappa, Miroslaw.


Dei kryssar av i skjemaet og hastar vidare på ski. Føret er skarpt, frosten bit litt i kjakane. Ei bleik vintersol sender lange skuggar i lysløypa, høgt over nordsida av Nordfjorden. Etter å ha svart på alle spørsmåla, er det tid for lunsj.  

– Her kan de ete nista. Bruk ein av spadane til å lage dykk ein benk å sitte på. Så håpar eg at de har lyst til å leike dykk i snøen, her er ein veldig fin bakke, seier Einar Dons Brath ved Stryn fritidssenter, som husar deltakarane og er ansvarleg for aktivitetstilbodet. 

ffa-v_IMG_1346_1000
Einar Dons Brath ved Stryn fritidssenter syner gode skitips.



Dei er om lag femti personar, ti familiar, som har fått tilbodet om ei langhelg, ein ekte vinterferie, i regi av Røde Kors. Tilbodet er til familiar som har låg inntekt over tid, som elles ikkje har høve til å unne seg noko ekstra, som ferie. 

ffa-v_IMG_1178_1000
Berit Flæthe Arntsen er leirsjef og leiar i Sogn og Fjordane Røde Kors Omsorg.



– Det er viktig for å kjenne seg som ein del av resten av samfunnet. Viss vi aldri har ferie, så kjenner vi oss litt utanfor, seier frivillig leirsjef i Røde Kors, Berit Flæthe Arntsen.

Delta på Ferie for alle

Opphaldet skal gje ungane og familiane kjekke opplevingar i saman, opplevingar dei kan vekse på, gode minner. Det sosiale er viktig, deltakarane skal få høve til å danne nye venskap. Aktivitetane skal gje meistring, erfaringar der dei skal få prøve å klare nye ting.     

ffa-v_IMG_1229_1000
Mahmoud, Magnus og Ana, frivillige på Vinterferie for alle.



– Vi må passe på at alle har det kjekt, at alle trivast og er i aktivitet, ingen skal kjede seg, seier frivillig ferievert i Røde Kors, Magnus Zaza.

Han tykkjer det er veldig gjevande å vere med menneske, og gje hjelp til dei som treng det.

Vil du vere frivillig?