Ei stor gruppe glade ungdommar

Fylkestreff for unge på Lyngmo

Velkomen til seinsommarens største høgdepunkt 15.-17. september!

Røde Kors Ung i Sogn og Fjordane arrangerar ei kjekk og spennande helg på Lyngmo i Hafslo 15.-17. september. Det er ope for alle frå 13 år og oppover. Du treng ikkje vere medlem i Røde Kors for å vere med. 

Bla nedover for å melde deg på. 

Sjå video frå fylkestreff på Nesholmen hausten 22:

Program

Fylkestreff er fellesskap, opplevingar, moro og meistring. Det blir eit sosialt og spennande program med situasjonsøving med brannvesenet, sambandsopplæring òg førstehjelpsopplæring. Det blir katastrofesminking, "Capture the Flag", bålpanne, vassaktivitet i kano og båt, bading, fotball og korleis lage spjelk.

På kveldane er det bli-kjent-aktivitetar, karaoke, musikk, dans, film og brettspel.

Les foreløpig program under:

Ungdom legg eit lokk over ein gryte i brann, ungdommar og brannmenn følger med.
På Røde Kors Ung sitt fylkestreff lærer ein mykje nyttig om tryggleik.

Program

Praktisk informasjon om treffet:

Stad: Lyngmo Gjestehus og Camping ligg i Hafslo i Luster kommune. Leirplassen ligg ved Hafslovatnet, 14 km frå kommunesenteret Gaupne og 14 km frå regionsenteret Sogndal. 

Tid: Fredag 15. september kl. 18.00 til søndag 17. september kl. 13.00

Alder: frå 13år +

Overnatting: Du søv innandørs. Det er ulikt tal senger på kvart rom. Alt mellom 2 og 6 senger. Ein sover på rom med andre av same kjønn.

Transport: Det går buss til Lyngmo. Gå på skyss.no og søk opp Lyngmo ungdomssenter og camping. Busstoppet er berre nokre minuttar gåtur frå senteret.

Pris: Arrangementet er gratis, og vi dekkar billigsaste reise. Det kjem meir informasjon om dette etterkvart.

Pakking: Du må ha klede som tålar vestlandsvêret. Det blir mykje uteaktivitet. Det blir også høve til å bade ute og vere i kano og båt. Ta med deg badeklede.

Tryggleik

Det er vaksne frå Røde Kors til stades heile helga.

Fire ungdomar spring ut i vatn
Hugs å pakke badeklede til fylkestreffet!

Kontakt

Kontakt Sogn og Fjordane Røde Kors på dk.sognogfjordane@redcross.no eller på 969 24 262. Kontortelefonen er bemanna mellom kl. 09.00 og 15.00 mån-fre. Ein kan sende sms på kvelden og få svar neste dag.

Grunna sommarferieavvikling vil det vere ulike tilsette på kontoret som svara på førespurnadane på e-post eller telefon. 

Ansvarleg kontaktperson er Thor Erlend Mehammer, han er attende etter ferie 21. august. 

Påmelding

Påmelding innan 1. september