Distriktstreff for ungdom

Velkomen til ein trygg, inkluderande og meistringsskapande møteplass – Røde Kors distriktstreff for ungdom 13+ på Skilbrei laurdag 5. til 7. mars 2021.

På fylkestreffet vil du møte jamnaldrande frå rundt om i fylket og lære førstehjelp,  personleg beredskap og gode humanitære verdiar som korleis gje ei hjelpande hand og bidra til å skape betre liv for andre.

Fylkestreffet vil bli gjennomført i tråd med gjeldande smittevernreglar. Vi opnar for påmelding snart.

Bli kjent med nye folk!

2018-11-23 fylkestreff ungdom skilbrei-31
På Røde Kors Ungdom sine fylkestreff kan du få nye vener frå heile Sogn og Fjordane.

Samlingane våre er sosiale og inkluderande. Både deltakarane og arrangørane bidreg med påfunn og aktivitetar. Det er felles måltid i spisesalen. Vi søv på firemannsrom.

Lær å drive Røde Kors-aktivitet!

2018-11-23 fylkestreff ungdom skilbrei-226
Vi pleier ofte å lage mat ute.

Fylkestreffet er også ein plass deltakarane kan lære kva som skal til for å drive aktivitet som Røde Kors førstehjelp og friluftsliv (Røff) og Røde Kors Ungdom, og anna frivillig arbeid seinare.

Praktisk informasjon:

Stad: Skilbrei er eit leirsenter som ligg langs E39, 15 minuttar sør for Førde.
Tid: Laurdag 21. november kl. 10 til søndag 22. november kl. 14.
Transport: Det blir fellestransport frå Førde sentrum. Meir informasjon om transport blir sendt til deg direkte når du har meldt deg på.

Program vert annonsert snart!

ung_fb_bilde
Røde Kors sitt distriktsråd for ungdom er ansvarleg arrangør. Her saman med president Robert Mood i Norges Røde Kors november 2017.

Samlinga er arrangert av Distriktsråd Ungdom i Sogn og Fjordane Røde Kors. Følg oss på Facebook @sfrodekorsUng og få oppdateringar om treffet og andre aktivitetar.

2018-11-23 fylkestreff ungdom skilbrei-193
Vi opplever fellesskap på nye måtar.