Val i 2024 – Sogn og Fjordane Røde Kors

Her finn du viktig informasjon om val i 2024 for Sogn og Fjordane Røde Kors, inkludert kven som er på val i dei ulike styre, råd og nemnder, fristar, og nominasjonsskjemaet som skal nyttast.

Knappen under fører deg til eit nominasjonsskjema der du kan nominere kandidatar til dei ulike styre, råd og nemnder i Sogn og Fjordane Røde Kors. Du kan berre føreslå éin kandidat om gongen i skjemaet. Skal du føreslå fleire, må du fylle ut skjemaet på nytt for kvar kandidat.  

Nominer din kandidat her

Innhaldsoversikt

  • Datoar for årsmøte og valmøter 
  • Frist for å nominere kandidatar til dei ulike styre, råd og nemnder.
  • Kontaktinformasjon valnemndsleiarar og sekretærar 
  • Kven er valbare? 
  • Oversikt over dei ulike styre, råd og nemnder 

Datoar for årsmøte og valmøter

Distriktsårsmøtet blir arrangert 15. til 17. mars i Balestrand 

Laurdag 16. mars gjennomførar Røde Kors hjelpekorps, Røde Kors omsorg og Røde Kors Ung sine valmøter.  

Sundag 17. mars skal årsmøtet velje nytt distriktsstyre, kontrollkomité og valkomité.

Frist for å nominere kandidatar til dei ulike styre, råd og nemnder

Frist for å nominere er 1. februar.

Bruk nominasjonsknappen øvst til å nominere kandidatar.

Kontaktinformasjon valnemndsleiarar og sekretærar

Leiar

For distriktet sin valkomité:
Einar Målsnes,
emaals@online.no 

For omsorg:
Dag Magne Sætren,
dag.satren@rodekors.org 

For hjelpekorps:
Ove Fortun,
ovefortun@outlook.com 

For ung:
Jostein Vedvik.
Jostein.vedvik@rodekors.org 

Sekretær 

For distriktet sin valkomité:
Pål A. Dahl,
pal.andreas.dahl@redcross.no 

For valnemnd omsorg:
Jon Langeland Thomsen,
jon.langeland.thomsen@redcross.no 

For valnemnd hjelpekorps:
Cathrine K. Heggø,
cathrine.kristiansen.heggo@redcross.no 

For valnemnd ung:
Siv Merethe Hatlem,
siv.hatlem@redcross.no 

Kven er valbare? 

For å vere valbar, må ein vere betalande medlem, og ein må ha blitt føreslått før fristen 1. februar. 

Ein kan heller ikkje fremje seg sjølv som kandidat, det må anten lokalråd eller lokalstyre gjere. Dei ulike distriktsvalnemndene kan også sjølve fremje kandidatar. Det er eitt unntak knytt til val av distriktsråd ung. Der er reglane at alle frivillige ungdommar, som også er betalande medlemmar, kan fremje andre eller seg sjølv.  

Det er viktig at de som fremjar kandidatar først har snakka med kandidaten og spurt om dei ynskjer å bli fremja som kandidat. Kandidaten må ha sagt seg villig til å stille. Det er mogleg å nominere kandidatar i skjema før ein har spurt dei, men då må ein avklare med den respektive valnemnda kven som tek kontakt med vedkommande.  

Det er òg fleire i dei ulike styre, råd, komitear og utval som kanskje ynskjer attval. Desse må også bli fremja skriftleg for å kunne vere valbare  

Vi har laga til eitt skjema i 2024, som skal nyttast til å nominere kandidatar i alle dei ulike styre, råd og nemnder. Bruk dette skjemaet, slik at vi er sikre på at alle nominerte kandidatar kjem med i vurderinga!  

Nominer din kandidat her

Oversikt over dei ulike styre, råd og nemnder 

Her finner du oversikten over kven som er medlem av dei ulike styre, råd og nemnder. Kven som er på val, og kor mange år valperioden er på. Trykk på «+»-teiknet, så opna du dei respektive organa.  

Har du overordna spørsmål til val kan du ta kontakt med: 

Thor Erlend Mehammer 
thor.mehammer@redcross.no 

For spørsmål knytt til val i dei ulike organa, ta kontakt med: 

For distriktet sin valkomité:
Pål A. Dahl, pal.andreas.dahl@redcross.no

For valnemnd omsorg:
Jon Langeland Thomsen,
jon.langeland.thomsen@redcross.no 

For valnemnd hjelpekorps:
Cathrine K. Heggø,
cathrine.kristiansen.heggo@redcross.no 

For valnemnd ung:
Siv Merethe Hatlem,
siv.hatlem@redcross.no