Snørekjøring til Fløtravarden. Foto: Vikane Røde Kors. Vis bildetekst
Snørekjøring til Fløtravarden. Foto: Vikane Røde Kors.

Vikane Røde Kors

Vil du engasjera deg lokalt? Ønskjer du ei aktiv fritid? Vil du utgjere ein forskjell? Vikane Røde Kors driv ulike aktivitetar i nærmiljøet, og me vil gjerne ha deg med på laget.

familiedag (2)
Familiedag ved Røde Kors-hytta på Utvikfjellet. Foto: Vikane Røde Kors.

Vårt mandat

I Vikane Røde Kors arbeider me med mål om å forebygge og respondere for å redde liv, skape eit trygt og godt lokalsamfunn, og gje tilbod om sosial kontakt og støtte til dei som treng det. Vil du vite meir om kva det inneber i praksis? Les om dei ulike aktivitetane våre i menyen under, eller besøk Vikane Røde Kors si Facebook-side.

Vil du bli med på laget? Som frivillig i Vikane Røde Kors kan du engasjere deg lokalt og føle på gleda ved å hjelpe andre. Om tidsklemma skulle hindre deg, kan me kanskje freista deg med eit medlemskap? Som medlem gjer du arbeidet vårt mogleg gjennom di støtte. Eit ordinært medlemskap kostar 300 kroner pr. år, eller 150 kroner om du er under 26 år.

Våre aktivitetar.