ei dame står foran røde kors-kjøretøy og smiler. Vis bildetekst
Det var mange smil og mykje sosialisering på haustsamlinga. Siw Bastnes, leiar i D-råd hjelpekorps visar stolt fram kjøretøya til Telemark sine korps.

Med Røde kors i hjartet

Nesten 200 frivillige hadde samla seg då det på nytt var duka for haustens vakraste eventyr i Vrådal i Telemark, nemleg Telemark Røde Kors sin årlege haustsamling helga 11.-13. november.

Utafor det historiske hotellet Straand i Vrådal står i alle fall to beredskapsbilar, eit par ambulansar, ei kommandovogn, ein ATV, ein snøscooter og ein gummibåt. Mykje av hjelpekorpset si kjøretøypark er for fyste gong samla på eitt sted og det er ikkje vanskeleg for forbipasserande og sjå at Røde Kors er på plass. Ut og inn av dørane går frivillige i røde klede. Dei pratar, lærer og latteren sitt løyst.

- Samlinga i år var RÅ, skriv éin av deltakarane på omsorg-samlinga i evalueringa.

mange hjelpekorpsere på kurs
Godt oppmøte og gode diskusjonar på hjelpekorps-samling.

Haustsamlinga har vore gjennomført i 20 år og for mange av dei frivillige er dette årets høgdepunkt. Årets samling hadde tema «Med Røde Kors i hjartet» og vart delt inn i ulike samlingar. Den aller største samlinga var omsorgssamlinga som hadde 60 deltakarar og på den minste, startpakke for frivillige, var det 14 deltakarar.

- Eg er så inspirert og engasjert nå, skriv ein annan deltakar som var med på ungdomssamlinga.

I løpet av helga var det både sosiale hyggelege hendingar, som ei kjempepopulær musikkquiz på fredag kveld og ei vandring i eit menneskebibliotek på laurdag ettermiddag. Menneskebiblioteket bestod av eit utval frivillige som var plassert rundt i dei ulike romma på hotellet. Deltakarane gjekk samla i grupper rundt og fekk høyre spanande historier frå ulike frivillige sine opplevingar med det å være frivillig.

- Det finnes utallelege og fantastiske Røde Kors-historier rundt om i Telemark som vi ikkje høyrer om. I anden av frivilligheitas år var det på sin plass å dele og få høyre nokre av disse, seier Marlena Sljivo som var hjernen bak menneskebiblioteket.

Mange folk sitter og står i en gruppe og prater i en gang.
Anita var ei av dei levande bøkane. Ho fortalde om sin frivilligheitshistorie.

Laurdag kveld var det duka til fest. Det var mykje å feire. Distriktet er 75 år i år, haustsamlinga fylde 20 år og det er frivilligheitas år i år. I middagssalen ble det servert tre rettar, sashimi av laks til forrett, and frå Holte gard til hovudrett og nydeleg sjokoladekake til dessert. Det blei fine samtalar rundt borda og god stemning.

- Vi klarte det i år også! Ikkje minst er det viktig for meg å anerkjenne dei frivillige, styrke nettverket av frivillige på tvers i Telemark, og inspirere til å stå saman for å dekke dei lokale humanitære behova. Vi er eitt Røde Kors. Eg er veldig fornøgd med årets haustsamling og markeringa av alle jubilea. Tilbakemeldingane undervegs i helgen frå frivillige er at dei er takknemlege og fornøgde, seier Marlena.

Dame i Røde Kors-klær spiser sjokolade
Litt påfyll må til på samling.

Slik var dei ulike samlingane:

- Ungdomsamlinga

På ungdomssamlinga blei ungdom tvers av aktivitetar for unge i Telemark Røde Kors samla for å bygge og styrke relasjonane og sitt eige nettverk. Ungdomane planla blant anna treffpunkt for ungdom i vinter.

- Lokalforeiningssamlinga

Fokus for lokalforeiningssamlinga var å trygge og styrke styra og deira arbeid med sine lokalforeiningar slik at drifta av dei blir best mogleg. Dagleg leiar i Vestfold og Telemark Røde Kors, Tone-Merete Hansen, og kommunikasjonsrådgivar for Telemark, Kjersti Veel Krauss, var to av dei som kom innom.

- Hjelpekorpssamlinga

Hjelpekorpset hadde blant anna skred og hypotermi på agendaen gjennom kursdagane deira. Og deltakarane lærte mykje viktig om korleis dei kan bistå ved skred. Hypotermi-kurset endte i ei konkurranse som dei frivillige gjekk opp i med hud og hår.

- Omsorgssamlinga

Korleis kan dei frivillige i omsorg bistå ved kriser og alvorlege hendingar og kva er forventningane frå det offentlege til den frivillige beredskapen om noko skulle skje? Dette var spørsmål omsorg-samlinga ble presentert for og endte opp med å diskutera energisk. Kine Grande, distriktsstyreleder i Akershus Røde Kors, delte viktige erfaringar frå Gjerdrum-raset og Fred Inge Skjærum, leiar i ressursgruppe beredskap Telemark, hadde eit tankevekkande foredrag og workshop om organisasjona si rolle i forhold til beredskap.

- Startpakke for nye frivillige

 Det var også fleire nye frivillige som deltok på haustsamlinga og dei fekk heile startpakka med introduksjon til Røde Kors, grunnleggande til førstehjelp og psykososialt fyrstehjelp.