Fullt hus på kulturkveld
Det ble ein kveld for integrering og varme da rundt 250 personar vitja mat- og kulturkvelden i gymsalen på Gvarv samfunnshus.
- Denne kvelden er ein smart og perfekt idé som får oss til å føle oss veldig velkomne.
Søstrene Olga Pronina og Tetiana Kozak står og legger siste hand på verket på Mlintsi’ene sine. Det er ukrainske fylde pannekaker med cottage cheese i.
Dei flykta med familien fra Mariopol og kom til Bø og Sauherad i juni i fjor. Heime i Ukraina har dei ingenting og dei er opne og spente på sitt nye liv i øvre Telemark.
- Vi er veldig takknemmelege for menneska her, for velkomsten og for dei hyggelige folka her.
Det var blant anna mat fra Ukraina, Eritrea og Kongo og underholdning frå Gvarv og Bø sine nye beboerar som sto på menyen denne kvelden i januar.
Saman med ukrainarar, eritreerar, afghanarar, kongolesare og nokre nordmenn har dei jobba lenge med plakatar om landa sine og maten som blir presentert. Dei har laga mat, øvd inn song og dans og no er endeleg kvelden her. Kvelden er et samarbeid mellom Senter for kvalifisering og integrering, Bø og Sauherad Røde Kors, Gvarv skole, Den norske kirke og Frivillighetssentralen og Telemark Røde Kors.
Samfunnshuset i Gvarv er fyld til randen av elever frå skolen, familiane deira og øvrig lokalbefolkning. Og kvelden bød ikke bare på mat, underholdning og stormande jubel, men også på ein følelse av å høyre til og ein følelse av å auke forståelsen for kvarandre.
Senter for kvalifisering og inkludering, Bø og Sauherad Røde Kors og Telemark Røde Kors hadde steld i stand eit verkeleg godt arrangement.