To scootere fotografert bakfra. På vidda i snøføyke. På ryggen til den bakerste står det under opplæring. Vis bildetekst
Kjentmannstur er viktig. Illustrasjonsbilde: Kjersti Veel Krauss/Røde Kors

Får løyve til å køyre

– Me ber om eit meir føreseieleg og tryggare regelverk, seier Tor-Åge Dale. Miljødirektoratet har vedteke at Vinje og Haukeli Røde Kors får gjennomføre kjentmannstur i verneområdet.

Miljødirektoratet har vedteke at Vinje og Haukeli Røde Kors får gjennomføre den planlagde kjentmannsturen frå Stordalsbu til Lågaros – ein tur som er avgjerande for beredskapen før vinter- og påskesesongen. Vedtaket opphevar det tidlegare avslaget frå Tilsynsutvalet.

– Me er glade for at klaga blei teken til følgje, og for at direktoratet ser viktigheita av den jobben me som frivillige gjer for storsamfunnet, seier Tor-Åge Dale, operativ leiar i Vinje og Haukeli Røde Kors Hjelpekorps.

Letta etter vedtaket

Hjelpekorpset har gjennom vinteren vore usikre på om dei ville få lov til å gjennomføre nødvendig køyring i fjellområda.

Endrar praksis

– Dette har vore ein omfattande og tyngande prosess. Mange av våre frivillige har kjent på uro. Det er ei stor letting at me no er der me ønskjer å vere – klare til å trene og klare til å hjelpe når folk treng det, seier Dale.

Etterlyser føreseieleg praksis

Både i Vinje, Haukeli og fleire andre fjellområde har hjelpekorps opplevd at ulik tolking av regelverket for ferdsel i verneområde gjer planlegging og øvingsverksemd krevjande.

– Me må få på plass eit meir føreseieleg system. I dag er me prisgitt enkeltsaksbehandlarar og ulike vurderingar. Me ønskjer ikkje overstyre verneformålet eller grunneigarane sine rettar – me ønskjer berre trygg og lovleg tilgang til å gjennomføre dei øvingane som krevst for å redde liv, seier Dale.

Treng å vere kjende – for å redde liv

– Det viktigaste for oss er å sikre både naturen og tryggleiken til turistane. Hjelpekorpset set eit svært lite fotavtrykk, og me har sterk respekt for dyrelivet og naturverdiane. Samstundes må me sikre at mannskapa våre er godt nok trena til å redde liv. Eit tydelegare og nasjonalt forankra system vil gi betre beredskap utan å svekkje det viktige naturvernet, seier Dale.

Hjelpekorpset planlegg no gjennomføringa av køyringa så snart forholda tillet det.

– No er me klare for innsats, og me gler oss til å få gjennomført kjentmannsturen. Det er godt å sleppe å gå med uro i bakhovudet om at noko kan gå gale og at det i verste fall kunne ha kosta eit liv, seier Dale.

Foreslår løysingar for framtida

Telemark Røde Kors har nokre forslag til betre rammer for frivillig beredskap.

Desse omfattar:

  • Standardiserte rammetillatelser for årlege eller fleirårige øvingar, basert på godkjent øvingsplan og enkel rapportering.
  • Klare unntak i tiltaksplanane for redningstenesta si operative verksemd og nødvendig kjentmannskøyring i verneområde.
  • Digital og lik saksbehandling nasjonalt, slik at frivillige organisasjonar blir likebehandla.
  • Ei forenkla myndigheitslinje der politiet si godkjenning av øvingsplan fungerer som éi dør inn til dei andre myndigheitene.
  • Strenge, men tydelege naturomsyn, inkludert bruk av eksisterande trasear, GPS-loggføring, minimal slitasje og avgrensa tidsrom.

Større verneområde krev betre løysingar

Varsla utvidingar av verneområda i Sør-Noreg gjer behovet for eit meir føreseieleg system ekstra presserande.

– Me håpar at me slepp ein ny runde når me neste år skal søkje om ein ny treårig øvingsplan. Dersom ingenting endrar seg, vil beredskapen bli svekt. Me har lært av denne prosessen, og håpar at me møter meir føreseielege rammer framover. Me snakkar om kjentmannsturer som er heilt grunnleggjande for at mannskapa våre skal kunne rykke trygt ut på reelle oppdrag, understrekar Dale.