
Vil du vere eller ynskjer du ein besøksven?
Einsemda kan råke alle. I besøkstenesta har vi ei rekke aktivitetar som gjev dei som treng det ein betre kvardag.
Å sakne nær sosial kontakt er smertefullt. Einsemd kan råke alle, men statistikk syner at vaksne som ikkje er del av arbeidslivet er hardast råka.
I rapporten “Glemt i eget hjem – hvordan hindre at hjemmet blir en institusjon uten sosial kontakt i alderdommen” kjem det fram at 3 av 10 eldre ynskjer å vere mer aktive enn dei er i dag. Barrierene handlar mellom anna om at dei eldre ikkje vil vere til bry for andre og at dei ikkje har nokon å vere aktive saman med.
Røde Kors Besøksteneste er eit tilbod til menneske som treng eit anna menneske. I Sogn og Fjordane har vi ulike variantar av denne tenesta i dei fleste kommunane. 550 frivillige besøksvener stiller opp og går tur, steiker sveler, lagar til bingo, held fest, eller tek med seg hunden på besøk. Nedanfor kan du sjå nokre døme.
Ein til ein
Mange besøkstenester tilbyr såkalla ein til ein besøk. Då vert ein besøksven kopla med ein som kan ha glede av sosial kontakt. Saman finn dei ut kva dei skal gjere i lag. Filmane syner Borgny få besøk av Hyllestad Røde Kors, og Aud og Astrid i Eid som er kopla saman.
Mat i fellesskap
God mat er eit viktig sosialt lim. Mange besøkstenester inviterar til felles middag eller til hygge med kaffi og kaffimat. Filmen under er frå då Lærdal Røde Kors Omsorg tok med eldre heimebuande og dei som bur i omsorgsbustad i Lærdal og syner gleda ved ein felles tur og eit felles måltid.
Fast møteplass
Ein sosial møteplass kan vere det som skal til for å møte andre. Ein fast møteplass kan vere kafé, sosiale samlingar med musikk, bingo, strikkekafé og liknande. Dei faste møteplassane er vekas høgdepunkt for mange. I videoen kan du sjå gleda då eldrekaféen i Sogndal opna etter koronastenging.
Ekstra festivitas
Kvardagen kan vere einsforming for mange bebuarar rundt på sjukeheimar og omsorgsbustader – eller andre som ikkje lenger kjem seg ut av heimen for eiga maskin. Nokon gonger slår besøkstenesta på stortromma, og inviterer til fest. Mat og musikk ofte viktige ingrediensar.
Aktivitet i nærmiljøet
Det er ein del menneske som ikkje kjem seg ut på eiga hand. Besøkstenesta inviterer til aktivitet og opplevingar. Sogndal Røde Kors Omsorg tek med seg folk med nedsatt funksjonsemne på skuter-køyring. Førde Røde Kors inviterer til opplevingar i nærmiljøet, dei får omvisning på lokale museum, i kyrkja eller går på teater.
Besøksven med hund
Våre firbeinte vener, hundane, kan vere gode kontaktskaparar. Mange besøkstenester har difor byrja å rekruttere hundehaldarar, som får kvalifisering og opplæring så dei kan ta med hunden på besøk. Besøka kan vere på eldreinsitusjon, eller ein til ein. Bente Liabø Thorsen og hunden Zelda frå Fjaler Røde Kors er ein av dei.
Besøksteneste ung
Førde Røde Kors Ungdom sette i gong Besøksteneste Ung i 2020. Konseptet er det same som den ordinære besøkstenesta, frivillige besøker nokon som treng eller ynskjer kontakt med andre menneske. Unge kan sjølvsagt vere besøksvener om der ikkje er ei eiga besøksteneste for unge i lokalforeininga. Det som skil Besøksteneste Ung frå andre unge besøksvener er at det er eit sosialt opplegg der dei unge besøksvenene kan dele erfaringar og ha det hyggeleg saman.

Opplæring
For at våre besøksvener skal kjenne seg trygge og kvalifiserte og representere Røde Kors på ein god måte – slik at dei vi er til for får eit godt utbyte, får dei frivillige opplæring undervegs. Ovanfor kan du sjå eit kort klipp frå ei samtaleøving på eit besøksvenkurs.
Alle våre frivillige får ei innføring i Røde Kors sitt verdigrunnlag, førstehjelp og psykososial støtte - i tillegg til ein heil katalog med kursmogelegheiter for å utvikle seg vidare.