BARK-gjengen på søk med kart og kompass. Foto: Gulen Røde Kors. Vis bildetekst
BARK-gjengen på søk med kart og kompass. Foto: Gulen Røde Kors.

Gulen Røde Kors

Me tilbyr ei rekkje aktivitetar innan omsorgs-, rednings- og beredskapsarbeid. Bli frivillig i Gulen Røde Kors du også, så står me rusta til å hjelpe endå fleire.

Vårt mandat

"Røde Kors er til for å avdekke, hindre og lindre menneskeleg nød og lidelse". Dette står på første side av hovudprogrammet til Røde Kors, og det er dette målet som er drivkrafta for alt me gjer i Gulen Røde Kors.

Gjengen fra Gulen på distriktsårsmøte i Balestrand (2)
Delegater fra Gulen på distriktsårsmøtet i 2018. Foto: Gulen Røde Kors.

Difor er våre frivillige til stades for menneske som treng omsorg, støtte rettleiing og hjelp. Vil du vite meir om kva me driv med i det daglege? Sjå i aktivitetsmenyen under, eller besøk Gulen Røde Kors si Facebook-side.

Har du litt tid til overs? Vil du engasjera deg lokalt, og møte fantastiske menneske på vegen? Bli frivillig i Gulen Røde Kors, og føl på gleda ved å hjelpe andre. Eller kanskje du vil bli medlem, og gjere arbeidet vårt mogleg gjennom di støtte? Eit ordinært medlemskap kostar berre 300 kroner pr. år, eller 150 kroner om du er under 26 år.

Våre aktivitetar.