Transport av pasient på båre udner grunnopplæringa i Hjelpekorpset Vis bildetekst
Transport av pasient på båre - ein del av grunnopplæringa i Røde Kors Hjelpekorps.

Grunnopplæring Hjelpekorps

Før du blir godkjent hjelpekorpsar og kan delta på aksjon, skal du få skikkeleg god opplæring.

I grunnopplæringa vår lærer du førstehjelp, bruk av samband, metodar for søk og redning, og du får ei innføring i kva Røde Kors og Hjelpekorpset er. Til saman er det fire kurs med dyktige instruktørar. Når kursa er ferdige, må du bestå hjelpekorpsprøven for å delta i aksjonar.

Før du melder deg på kurs, må du registrere deg i Røde Kors. Etter at du har registrert deg, vil du bli kontakta av ditt lokale Røde Kors, og de gjer avtale om deltaking og påmelding på kurs.

Bli med i Røde Kors!

 

 

1. Dette er Røde Kors Hjelpekorps

dette er røde kors hjelpekorps_1000_DSC02813

Innblikk i Røde Kors sitt verdigrunnlag og hjelpekorpset si rolle.
Førde, 30. januar.
Informasjon / påmelding

 

 

2. Kvalifisert samband

Lære grunnleggande ferdigheit i bruk av radiosamband og Nødnett.
Lære grunnleggande ferdigheit i bruk av radiosamband og Nødnett. Illustrasjonsfoto.

Grunnleggande kunnskap i radiosamband og bruk av Nødnett i samhandling med andre.
Førde, 30. – 31. januar
Informasjon / påmelding

 

 

3. Kvalifisert førstehjelp

Grunnleggande førstehjelp til bruk på sanitetsvakter og i søk og redningsoppdrag.
Førde 19. – 21. februar, 5. – 7. mars.
Informasjon / påmelding

 

 

4. Kvalifisert søk og redning

Opplæring i søkemetodar, trygg ferdsel i naturen og samhandling som lag i innsats på barmark. Tid og stad for kurs vert annonsert seinare.

 

Sjå fleire kurs og samlingar her!