Besøksvenn med hund Vis bildetekst
Besøksvenn med hund

Besøksvenn med hund

Har du ein hund med godt lynne og vil glede nokon? Bli besøksvenner saman - meld deg på kurs!

Besøksvenn med hund er ein av mange Røde Kors-tilbod for personar som treng omsorg og fellesskap. Besøksvener med hund kan gå på besøk i regi av Røde Kors der det er behov – som på sjukeheimar og omsorgsbustader, heimebesøk eller på tur. Det er behova i lokalsamfunnet og hund og førar sin trivsel som avgjer bruksområde.

Både hund og førar får grundig opplæring for å sikre at både dei som vert vitja, den frivillige og hunden kjenner seg trygge.

For deg som vil gå kurs

Kva krevst

Kurs i Førde 23.-25. august 2019

Kurshaldar Kathrine Handal

 

Pelseffekten

BVH Besøkstjeneste med hund_collie

Samvær med hund har dokumentert positiv helseeffekt. Lågare blodtrykk, mindre stress og inspirasjon til fysisk aktivitet er noko av det ein veit kan vere effektar. I tillegg kjem opplevinga av ro og nærleik og den gode kjensla av å både gi og få omsorg.

Eg vil bli medlem i Røde Kors

Samstundes er hunden eit fantastisk middel for å oppnå nærleik og samtale mellom menneske, både mellom besøksvennen og den som får besøk, og mellom til dømes ein gruppe bebuarar på sjukeheimen. Leik, latter og underhaldning er fine opplevingar ein kan få under eit besøk med hund. Noko av det mest meiningsfulle er når ein får tilbakemeldingar om at pesonar med demens let seg engasjere og får att språk og minne i møte med hundane.

Noko for deg og hunden din?

Du er:

  • Ein omgjengeleg og utadvendt person som likar menneske.
  • Interessert i å hjelpe andre og har stort hjarterom.

Hunden din er:

  • Roleg, trygg og sosial. Hunden skal kunne trivast på besøk hos framande, på tur, i private heimar eller på institusjon.
  • Frisk og i normalt god form.
  • Minimum to år gamal.

Opplæring

BVH Øving på kurs_sofa

Før du kan ta med hunden på besøk for Røde Kors, må både du og hunden gjennomføre vårt kurstilbod. Øvst på sida kan du lese meir om kursa våre. 

Dersom du er ny i Røde Kors, vil du også få grunnopplæringa alle frivillige går igjennom, med kveldskurs i førstehjelp, psykososial førstehjelp og temakurs omsorg. Er du med?

Les meir om Besøksvenn med hund

Vi bruker informasjonskapsler til å forbedre din brukeropplevelse og for at vi skal forstå hvordan du bruker våre nettsider. Personvernregler