Gjer ein skilnad for barn – bli frivillig på ferieleir
Når det er skulefri arrangerer frivillige i Røde Kors gratis ferie for barnefamiliar i Sogn og Fjordane som ikkje har råd til å reise på eiga hand.
Å dra på ferie er «normalen» for svært mange, men inga sjølvfølgje for alle. Som frivillig kan nokre dagar av di tid gje barn og deira familie dyrebar tid saman og eit viktig avbrekk frå kvardagen.
Kjensla av utanforskap er ekstra framståande når skulen stenger og vener og nabolag tøymast for barnefamiliar som dreg av garde på ferie. Det kan vere sårt for dei som står på utsida av dette fellesskapet. Å kunne ha opplevingar å fortelje om til vener og kjende når ein møtast att etter ferien, kan bidra til at ein kjenner seg meir «som andre».
Som frivillig kan du vere med å gje barn som treng det gode ferieopplevingar.
Bli frivillig! Meld di interesse her.
Krav til frivillige på ferieleir
For å bli frivillig på Ferie for alle må du:
- vere fylt 18 år
- levere avgrensa politiattest
- ha motivasjonssamtale og kunne oppgje referansar
- gjennomføre opplæring
- signere og overhalde etikk- og teieplikterklæring
Du treng ikkje å vere frivillig i Røde Kors frå før, og det trengst ingen forkunnskapar. Du får opplæring og kurs for å bli trygg som ferieleirfrivillig.
Dine oppgåver som frivillig
Som frivillig på ferieleir vil du:
- vere leirsjefen sin gode hjelpar og del av eit sterkt frivilliglag parat til å bidra
- vere hovudkontakt for tildelte familiar og grupper
- assistere instruktørar under organisert dagsprogram på land og til vanns
- bidra med praktiske gjeremål som å hjelpe til med innsjekk, forklare, vise veg, samle familiar, halde orden og ro, bidra på kjøkkenet mm.
- planlegge, organisere og gjennomføre kreative aktivitetar, delta i leik og spel og bidra til god stemning og sosialt samvære på kveldstid
- sørge for trivsel og tryggleik, vere tilgjengeleg for ei god samtale, vere til stade og støtte der det trengst med stort og smått som oppstår
Les meir om Ferie for alle her.
Bli frivillig! Meld di interesse her.
For spørsmål kontakt ansvarleg for Ferie for alle i Sogn og Fjordane, Siv Merethe Hatlem.
- Siv Merethe Hatlem
- Tilretteleggar for barn og unge. Jobbar med Ferie for alle, Barnas Røde Kors, og distriktsråd ung.
- E-post
- siv.hatlem@redcross.no
- Mobil
- 906 65 433