Hjelp oss å glede barn til jul
2229 barn i Sogn og Fjordane lev i familiar med utfordrande økonomi og treng noko ekstra å gle seg over denne jula.
Røde Kors sine lokalforeiningar i Sogn og Fjordane gjer ein stor innsats for at barnefamiliar og einslege forsørgarar som treng og ynskjer det skal få litt hjelp i jula. Frivillige arrangerar juleaktivitetar, det vert sørga for mat på bordet og det vert kjøpt inn gåver eller gåvekort til barn i familiar med utfordrande økonomi. Ei lita gåve under treet kan bidra til at barna får noko å leike med, varme seg på eller noko å snakke om etter ferien.
Gje barn juleglede – støtt vår julespleis.
Stor auke
Røde Kors samarbeider tett med instansar som kartleggjer behov og er i kontakt med familiane som er i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Det er kommunane som har meldt inn talet barn i familiar med utfordrande økonomi. På to år er det meldt inn ei auke på over 600 barn.
Røde Kors i Sogn og Fjordane sin juleglede-aksjon er delvis finansiert gjennom Gjensidigestiftinga og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Dei frivillige gjev tilbakemeldingar om at dei har trong for ytterlegare midlar for å møte dei behova som er der ute. Donasjonane som kjem inn vert fordelt til lokalforeiningane etter innmeldt behov.
Alle pengane som kjem inn går til julegåver til barn. Ei juleglede til eit barn kostar 400 kr. Gåva er ikkje merka med Røde Kors. Foreldra kan setje sin namnelapp på pakken eller gåva kan vere frå julenissen.
Du kan hjelpe!
Det er mange måtar å bidra til juleglede. Å invitere eit barn på juleverkstad eller ein nabo på julelunsj kan vere eit viktig bidrag. Ein donasjon til Sogn og Fjordane Røde Kors sin juleglede-aksjon sikrar at barna får ei gåve å glede seg over i jula. Ein kan også bidra som frivillig i Røde Kors, og til dømes hjelpe til med å pakke og køyre ut julegleder og matkasser. Ta kontakt med di nærmaste lokalforening om du ynskjer å bidra som frivillig.
Som bedrift kan du også bidra. Kva med å gje juleglede til barn i ditt lokalsamfunn som julegåve til dine tilsette? Les meir korleis du som bedrift kan støtte juleglede-aksjonen her.