Tusen takk_til bedrifter

Vil di bedrift hjelpe barn og unge i jula?

Gje barn i familiar som strevar økonomisk ei julegåve ved å støtte Røde Kors sin juleglede-aksjon.

2229 barn i Sogn og Fjordane veks opp i heimar med økonomiske vanskar. For familiar som har det tøft, er feriar og høgtider spesielt utfordrande. 

Frivillige i Røde Kors i Sogn og Fjordane sørgar for at barn i våre lokalsamfunn har noko å sjå fram til i jula. Ei lita gåve under treet kan bidra til at barna får noko å leike med, varme seg på eller noko å snakke om etter ferien. Med dykkar støtte kan vi nå fleire barn, unge og familiar med tiltak som betyr mykje for dei ramma.

Omvendt julegåve: Gje i staden for å få

Eit bidrag på 400 kroner går til eit barn som treng ei julegåve under treet. De får tilsendt eit digitalt takkekort, som de kan skrive ut og overrekke dykkar tilsette som takk for at dei er med og gjev barn ei lysare julefeiring.
 

Støtt frivilligheita: Doner ei pengegåve til Røde Kors sin juleaksjon

Over 2500 frivillige i Sogn og Fjordane Røde Kors står på for å gje barn ei juleglede til jul. Ved å støtte Sogn og Fjordane Røde Kors sitt arbeid, er di bedrift med på å gje fleire barn og unge i Sogn og Fjordane ei jul å glede seg over. Som takk får de tilsendt eit digitalt kort som syner at di bedrift har støtta årets juleaksjon.
 

Slik kan di bedrift bidra

For å støtte julegledeaksjonen vel de ein sum som de vil donere og sender til gåvekonto 3705.15.64333. Merk: Juleglede. 

Send i tillegg ein e-post til dk.sognogfjordane@redcross.no med denne informasjonen: 

Beløp:
Bedrift:
Kontaktperson:
Epost:
 
Røde Kors er stolte over våre partnarar og støttespelarar. Etter årets aksjon vil vi vise vår takknemlegheit gjennom å publisere bedrifter som har støtta årets juleaksjon i våre kanalar, på våre nettsider og i vårt nyhendebrev. 

Røde Kors er opptatt av at donerte midlar går til dei som treng det mest. Alle pengane går direkte til formålet, og vi dekker sjølv kostnader knytt til administrasjon og innsamling. Røde Kors er medlem av innsamlingskontrollen. Dette er ein offentleg godkjent stifting som ivaretek givar sine interesser.
 
I tillegg til å fri til bedriftene har vi starta ein Spleis for å samle inn pengar til formålet. Hjelp oss gjerne å dele spleisen eller gje eit bidrag på den måten.